Ta fagbrev som praksiskandidat

Har du erfaring frå eit yrke, men er  ufaglært? Då kan du ta fagbrev / sveinebrev som praksiskandidat.

Du kan ta fagbrev som praksiskandidat viss du kan:

  • dokumentere om lag 5 år med allsidig erfaring frå yrket
  • dokumentere bestått tverrfagleg eksamen i lærefaget (Vg3-nivå)

Ta teorien til fagbrevet, gratis

Manglar du teorien til fagbrevet kan du ta det hos oss. Vi tilbyr gratis teoriopplæring for voksne i fleire lærefag.

Gratis teoriopplæring for vaksne

Ta eksamen som privatist

Du kan lese sjølv og melde deg opp til tverrfagleg eksamen som privatist.

Ta eksamen som privatist

Meld deg opp til fagprøve

Med bestått eksamen kan du melde deg opp til fag- eller sveineprøve. Det gjør du hos  fagopplæringskontoret som også godkjenner praksisen din. Med fullført og bestått fagprøve får du fagbrev / sveinebrev.

Meld deg opp til fagprøve

Kva er fagbrev /sveinebrev?

Når du har fullført ei yrkesfagleg utdanning og bestått fagprøva får du eit fagbrev / sveinebrev. Dette er ein dokumentasjon på at innehavaren har den kompetansen som er omtalt i læreplanen for faget.

I dei tradisjonelle handverksfaga heiter dette sveinebrev, medan du kan ta fagbrev eller yrkeskompetanse i dei andre lærefaga.

Praksis i lærefaget

Du kan ta fag- eller sveineprøve som praksiskandidat på grunnlag av allsidig erfaring frå yrket (viser til Vg3-læreplanen).

Praksistida skal vere 25 % lengre enn læretida i faget, 5 år i dei fleste faga. Som praksiskandidat er du friteken for krav om fellesfag.

Arbeidserfaringa må du skaffe sjølv. Oversikt over godkjente lærebedrifter finn du på nettsida vilbli.no.

Godkjente lærebedrifter i Hordaland

Fleire vegar til fagbrev

Alternative vegar til fagbrev er å

Vaksne kan dessutan ta fagbrev under ordninga full opplæring i bedrift. I denne ordninga teiknar du lærekontrakt for fire år og får opplæring i bedriften. Opplæring i fellesfaga (norsk,  engelsk, matematikk og samfunnsfag) skjer som regel på ein vidaregåande skule.

Lenke til fleire vegar til fagbrev

Vegen vidare

Du kan gå vidare på fagskole, ta meisterutdanning eller ta høgare utdanning på universitet eller høgskole.

Fagskulane i Hordaland tilbyr helsefaglege, tekniske og maritime fag. Du kan og ta studiekomeptanse og søke høgare utdanning på høgskule elelr universitet.

Fagskulane i Hordaland

Studiekompetanse med yrkesfag

Spør oss

Send spørsmål til voksenopplæringa

Send oss eit spørsmål viss du lurer på noko. Vi svarer deg så snart vi kan.

Opplæringslova

Praksiskandidatordninga er regulert i opplæringslova § 3-5.

Les om praksiskandidatordninga hos Utdanningsdirektoratet

Kontakt oss
Profilbilde av Kontakt voksenopplæringa
Kontakt voksenopplæringa
55 23 92 30