Voksenopplæring

Voksenrett

Har du ikkje fullført vidaregåande? Då har du lovfesta rett til gratis utdanning frå det året du fyller 25.

Sjekk om du har voksenrett

Vi tilbyr gratis vidaregåande opplæring til voksne. Tilboda er retta mot deg som ikkje har fullført vidaregåande skule, men alle kan søke. Du kan få hjelp til utdanningsval og realkompetansevurdering ved sentra i Bergen, Sotra, Stord, Voss og Odda. Les meir om tilboda:

Utdanninga kan føre fram til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse. Du kan søke direkte til ditt næraste Senter for voksenopplæring.

Voksenopplæring i Hordaland

Følg oss på Facebook

Aktuelt frå voksenopplæringa

Pangstart for ny tømrarutdanning

Vaksne elevar er i full gang med å byggje kattepensjonat. Bonusen er at dei får praktisk arbeidserfaring medan dyrebeskyttelsen får eit flunka nytt pensjonat.
– Eg lærer mykje meir når vi kombinerer teori og praksis, seier Adrian Christoffersen (bilete).

I alt 14 vaksne elevar er i gang med full utdanning i tømrarfaget. Eit nytt opplæringstilbodet for vaksne utan erfaring frå yrket. Utdanninga er på fulltid over fleire år, og starta hausten 2016 ved Senter for voksenopplæring, Åsane videregående skole. Les heile saka:

Vaksne får utdanning ved å byggje hus til godt formål

Foto: Håvard Hammarstrøm, Bømlo-nytt
Foto: Håvard Hammarstrøm, Bømlo-nytt

Bedriften satsar på fagbrev

Fagbrev er god ballast, både for den einskilde og for bedriften. Bremnes Seashore oppmoder sine tilsette til å ta fagbrev i akvakultur og sjømatproduksjon. Ein kveld i veka sit dei på skulebenken for å lære teorien dei treng for å ta fagbrevet, skriv Bømlo-nytt.

Bonusen er betre løn og sikrare jobb på den eine sida, og fagkompetanse på den andre.

Les heile saka i Bømlo-nytt: Seashoretilsette tek fagbrev