Sommarskulen 2017

Sommarskulen er eit gratis tilbod i yrkesretta og studieretta matematikk til elevar og lærlingar i offentleg vidaregåande opplæring. Vi tilbyr og kurs i norsk for minoritetsspråklege elevar.

Kven kan melde seg på

Tilbodet om sommarskule gjeld berre for elevar i offentleg vidaregåande opplæring, og til lærlingar i Hordaland.

Kva fag kan eg få undervisning i

I år tilbyr vi opplæring i: 

  • Studieretta matematikk utan eksamen i Bergen, i Knarvik og på Askøy. 
  • Yrkesretta matematikk i Bergen med eller utan eksamen i Knarvik, Askøy og Stord. 
  • Norsk utan eksamen for elevar med eit anna morsmål i Bergen og Knarvik.
  • Studieretta og yrkesfagleg matematikk på fengselsundervisninga i Bergen.

Korleis melder eg meg på

Påmeldinga opnar 3. april 2017

Gratis

Tilbodet om sommarskule er gratis. Du får frukost og lunsj kvar dag.

Samarbeidspartere

Sommarskulen er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Røde Kors.

Lærarar vil vere ansvarlege for undervisninga, med støtte frå frivillige frå Røde Kors.

Ta kontakt for meir informasjon
Profilbilde av Petter de Presno Borthen
Petter de Presno Borthen
55239248