Søknad om spesialundervisning

Elevar som ikkje har tilfredstillande utbytte av den ordinære opplæringa har rett til spesialundervisning.

Kven kan søke

Både elevar og føresette kan be skulen om å undersøke behovet for spesialundervisning.

Du som elev, lærling eller føresett kan også ta direkte kontakt med OT/PPT

Elevar som søker om spesialundervisning må godta å bli tilvist til Oppfølgings- og pedagogisk psykologiske tenesta (OT/PPT) for sakkunnig vurdering av behov for og rett til spesialundervisning.

Har du hatt spesialundervisning på ungdomsskulen må det utarbeidast ny sakkunnig vurdering om rett til spesialundervisning av OT/PPT når du skal bli elev i vidaregåande skule.

Alle som har fylt 15 år skal sjølv samtykke til ei slik utgreiing og eventuell spesialundervisning.

Slik søkjer du

Elevar som ønskjer og treng spesialundervisning må søke om dette på elektronisk søknadsskjema.

  • Elevar som søkjer 1. februar og som skal gå i tilrettelagte grupper, søkjer spesialundervisning 1. februar samtidig med søknad om skuleplass.

  • Elevar som søkjer 1. mars og som skal gå i ordinære klassar, søkjer spesialundervisning etter at skuleåret har starta og i samråd med skulen.

Du finn link til søknadsskjemaet på høgre side.

Spesialundervisning på private vidaregåande skular

Elevar ved private vidaregåande skular skal ikkje bruke det elektroniske søknadsskjema.

Vi skil mellom tre elevgrupper:

  1. Elevar som skal begynne på Vg1 og som har omfattande spesialundervisningstiltak i grunnskulen. Med «omfattande spesialundervisningstiltak» meiner vi eit omfang på 10-15 skuletimar i veka eller meir. Saksgangen

  2. Elevar som går på vidaregåande og har enkeltvedtak om spesialundervisning inneverande skuleår og som søkjer om spesialundervisning til neste skuleår. Dette gjeld berre elevar med omfattande spesialundervisningstiltak (sjå forklaring over). Saksgangen

  3. Elevar med enkeltvedtak om spesialundervisning som går på Vg1, eller på grunnskule, og som ikkje har omfattande spesialundervisningstiltak inneverande skuleår. Dette gjeld også elevar som ikkje har enkeltvedtak om spesialundervisning frå før. Saksgangen

Søknadsskjema

Mal for pedagogisk rapport

Har du spørsmål kan du ta kontakt med
Profilbilde av Petter Tønjum
Petter Tønjum
55239227
Profilbilde av Akylina Samara
Akylina Samara
55239921
Profilbilde av Laila Ulvestad
Laila Ulvestad
55378090