Skjønnsmessig vurdering av søknaden

Dersom du har spesielle grunnar kan du få søknaden til vidaregåande opplæring vurdert på skjønnsmessig grunnlag.

Kven kan søke

  • Søkjar som det siste skuleåret har fått svekka karaktergrunnlaget sitt p.g.a. sjukdom eller sosiale årsaker
  • Minoritetsspråkleg søkjar med kort norsk skulebakgrunn, men med karakterar i minst halvparten av faga frå ungdomsskule
  • Søkjar som av ulike grunnar treng kortast mogleg reiseavstand mellom heimen og skulen
  • Søkjar som av særlege grunnar ikkje bør byte vidaregåande skule
  • Norske søkjarar med utanlandsk skulebakgrunn

Kva kan du søke om

Søknad om inntak etter skjønnsmessig vurdering gir deg ikkje automatisk rett til inntak på første skuleønske eller på høgast prioriterte utdanningsprogram. Men oppfyller du krava om dokumentasjon gjer vi det vi kan for å kunne tilby deg ein skuleplass.

Årsaker

Sjukdom

Langvarig fråvær på grunn av sjukdom må dokumenterast med legeattest. Det avgjerande er at skulen meiner at karaktergrunnlaget har blitt svekka med minimum fem karakterpoeng.

For ungdomsskuleelevar skal det leggjast vekt på karaktergrunnlaget i tiande klasse, men dersom fråværet tok til tidlegare år kan dette også vektleggjast.

Dette gjeld også for elevar i den vidaregåande skulen. Her skal ein særleg leggje vekt på at karaktergrunnlaget i det kompetansegjevande kurset har blitt svekka med minimum fem karakterpoeng.

Sosiale grunnar

Her gjeld dei same retningslinjene som for sjukdom. Langvarig fråvær av sosiale grunnar må dokumenterast, så langt dette er mogleg. Det avgjerande er at skulen meiner at karaktergrunnlaget har blitt svekka med minimum fem karakterpoeng.

Norsk skulebakgrunn for minoritetsspråkleg søkjar

Dersom søkjaren har vore relativt kort tid i Norge kan det søkjast om skjønnsmessig vurdering fordi karaktergrunnlaget er svakare enn venta når dette skuldast språkvanskar. NB: Dette gjeld ikkje dei som har kryssa av i vigo.no som minoritetsspråkleg søkjar.

Søkjarar som treng kortast mogleg reiseavstand frå heimen

Det kan vere fleire grunnar til at ein elev i ein kortare eller lengre periode treng å få tilrettelagt kvardagen slik at ho/han lettare kan gjennomføre vidaregåande skule. Døme på dette kan vere einsleg forsørgjar som skal levere/hente i barnehage/skule, eller sjukdom.

Her kan både skulen og søkjaren sjølv sende inn søknaden. Husk at det må leggjast ved dokumentasjon.

Søkjarar som ikkje bør byte vidaregåande skule

Dette er ofte elevar som har hatt eit eige tilpassa undervisningsopplegg det første året i vidaregåande skule (t.d. tilrettelagt undervisning i mindre grupper), og der byte av skule m.a. kan vere negativt for eleven si tryggleikkjensle.

Norske søkjarar med utanlandsk skulebakgrunn

Har du utanlandsk skulebakgrunn er det ikkje mogleg å omsetje karakterane til ein norsk karakterpoengsum. Du kan då søke skjønnsmessig vurdering.

Ved inntak til Vg1:

Du må dokumentere at ordinær grunnskuleopplæring er gjennomført (t.d. med ein kopi av vitnemålet).

Var opphaldet i utlandet kortvarig og der du  t.d. har fullført 8. og/eller 9. klasse i norsk ungdomsskule, legg du karakterutskrift frå desse åra ved søknaden.

Ved inntak til Vg2 eller Vg3

Send nødvendig dokumentasjon til den skulen der det er mest aktuelt å få plass. Dei vil vurdere kompetansen din, og du vil eventuelt få informasjon om kva fag du må ta som privatist. Når vi får tilbakemelding frå den norske skulen om kva årssteg du kan takast inn på, kan vi aktivisere søknaden.

Innsending av denne typen søknader skal gjerast så tett opp til avslutning av skuleåret i utlandet som mogleg, men ikkje seinare enn 15. juni. Har du ikkje fått vitnemål innan denne datoen, sender du med terminkarakterar eller anna stadfesting på at du er elev ved skulen.

Korleis søke

Søknad om skuleplass skal registrerast som vanleg på vigo.no innan 1. mars. I tillegg må du sende inn Tilleggsskjema for skjønnsmessig vurdering til Inntakskontoret innan 15. juni.

Desse skjemaa blir som regel sendt inn samla frå den enkelte skule. Snakk difor med skulen din før du sender inn skjemaet.

Klage på vedtak

Det blir ikkje sendt ut eige vedtak om behandlinga av søknaden på skjønnsmessig vurdering. Vanlege retningslinjer for klage etter forvaltningslova gjeld, etter at inntaksresultatet er klart.

Merk at det ikkje er formelt klagegrunnlag dersom du ikkje har fått plass ved ein bestemt skule. Skjønnsmessig vurdering i seg sjølv gir ingen garanti for inntak på første kurs-/skuleønske.

Profilbilde av Kontakt inntakskontoret
Kontakt inntakskontoret
55 23 94 60