Nettundervisning for elevar i Hordaland

Ønskjer du fag som skulen din ikkje tilbyr? Her finn du oversikt over fag vi har nettundervisning i.

Kven kan søke?

Tilbodet gjeld for elevar ved skular i Hordaland fylkeskommune på studiespesialiserande utdanningsprogram. Det er berre elevar på skular som ikkje tilbyr faga som kan søke.

Faga skuleåret 2017-2018

Realfag:

Fysikk I 

Språkfag:

Fransk III

Spansk III

Tysk III

Kinesisk II fellesfag

Kinesisk II programfag 

Kinesisk III

Japansk I

Japansk II

Ver obs på

  • Nettundervisning stiller høge krav til motivasjon og eigeninnsats
  • Det er oppmøteplikt i faget
  • Du må ha eigen datamaskin (PC eller Mac) og ha tilgang til Internett for å delta

Tidspunkt for nettundervisning

  • Fellesundervisning: Tysdag kl. 15 - 17
  • Gruppeundervisning: Torsdag kl. 14 -17 (gruppeundervisning varar i ein time)

(Sjå eigne tidspunkt for kinesisk 3 og Japansk 2)

Det er to timar med fellesundervisning og ein time med gruppeundervisning kvar veke. Tidspunkt for gruppeundervisninga avtalar du med lærar på oppstartsmøte.

Om undervisninga og prøvegjennomføring

Undervisninga blir gjennomført via Internett ved hjelp av It’s Learning, Adobe Connect (Virtuelt klasserom) og generelle skrive- og samarbeidsverktøy som Office 365 og Google verktøy (Google Apps for Education).

Heildagsprøvar og eksamen blir organisert og gjennomført på eigen skule, eller på ein skule i fysisk nærleik til eigen skule. I nokre fag blir det obligatoriske samlingar i tillegg til undervisning på nett.

Har du spørsmål om undervisninga eller korleis du kan melde deg på kan du kontakte:
Profilbilde av Gerd Kjersti Ytre-Arne
Gerd Kjersti Ytre-Arne
Profilbilde av Svein Olav Norenes
Svein Olav Norenes