Kva gjer eg om eg (eller andre) ikkje har det bra på skulen?

Her finn du informasjon om kva du som opplev mobbing kan gjere, kven du kan snakke med og tips til nettsider der du finn meir informasjon om mobbing.

Det viktigaste du gjer

  • fortel det til nokon på skulen (til kontaktlærar eller nokon andre du stoler på)
  • fortel det også om du blir mobba/krenka på nettet eller på fritida

Kva skal skulen gjere?

  • skulen skal ta deg på alvor! Det er di oppleving av korleis du har det som betyr noko
  • alle tilsette i skulen har plikt til å hjelpe deg
  • den du fortel det til skal varsle rett person (til dømes kontaktlærar eller rektor)
  • skulen skal undersøkje saka
  • skulen skal holde deg oppdatert undervegs om kva dei gjer og kva dei planlegg å gjere. Det er vanleg å bli invitert til eitt eller fleire møte
  • Skulen skal snarast (og seinast innan fire veker) fatte eit enkeltvedtak (eit brev)
  • Skulen skal sette i gang eigna tiltak for at du skal få det betre på skulen. Døme på tiltak kan vere oppfølging av dei som plagar deg, opplegg for å betre klassemiljøet, samtalegrupper osb.

Kva skal enkeltvedtaket innehalde?

  • enkeltvedtaket skal sei kvifor skulen har fatta enkeltvedtak (det har gått føre seg brott på din rett til eit godt psykososialt miljø, § 9a-3)
  • kva skulen skal gjere for at du igjen skal få det bra på skulen
  • dato for når tiltaka skal evaluerast (for å sjå om ein må endre tiltak eller sette i gang nye tiltak)
  • enkeltvedtaket skal informere om at du kan klage på skulen sin plan.
  • klagefrist 

Kva om skulen ikkje gjer nok(o)?

Du kan då klage til:

Eller du kan kontakte mobbeombodet i Hordaland, Mari-Kristine Morberg, om du ønskjer å drøfte saka di.

NB: Ikkje send e-post som inneheld personsensitive og teiepliktige opplysningar

Alle elevar har rett til eit godt psykososialt læringsmiljø, som fremjar helse, trivsel og læring. Det gjeld også deg! Les meir om dine rettar på nullmobbing.no.

Malar for å be om tiltak eller for å klage

Nettsider som kan vere til hjelp

  • slettmeg.no - ei råd– og rettleiingsteneste for deg som kjenner deg krenka på nett
  • politiet.no - tips politiet eller meld saka
  • dubestemmer.no - om personvern, nettvett og digital dømmekraft
  • fug.no – Foreldreutvalet for grunnopplæringa – mest for føresette

http://www.udir.no/nullmobbing/

Treng du nokon å snakke med?

Du kan også snakke med Mari-Kristine Morberg (mobbeombodet i Hordaland)

Profilbilde av Mari-Kristine Morberg
Mari-Kristine Morberg
57 30 03 33