Elev-PC

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan få rimelegare PC gjennom Hordaland fylkeskommune når du skal kjøpe datamaskin.

Du har sjølv ansvar for å skaffe deg PC til skulestart i august. For å være sikra levering før skulestart må bestillinga skje innan 31. juli.

Du kan velje mellom å:

Kjøpe gjennom leverandøren til Hordaland fylkeskommune

Fylket tilbyr fleire maskiner med subsidie. Du kan berre kjøpe ei datamaskin gjennom fylkeskommunen sin avtale, og avtalen gjeld berre for elevar som startar i Vg1 for fyrste gong i offentlege vidaregåande skular.

Bruke eiga maskin

Du kan bruke ei maskin du allereie eig. Du må då ha eit antivirusprogram som er oppdatert, og du må  kunne produsere og levere inn oppgåver i format som er mogleg å lese for læraren.

Kjøpe maskin i butikk

Du kan også velje å kjøpe maskin i butikk. Hugs då å sjekke at maskina du kjøper er eigna til bruk i undervisninga.

Du vil få tilgang til alt du treng av programvare på skulen (blant anna Office 365).

Brev til nye elevar ved VG1 hausten 2016

Val av modell

Ulike utdanningsprogram bruker ulik programvare. Det er lurt å vurdere valet av datamaskin mot programvaren som du skal bruke.

Grunnmodellen

Denne maskina er av god kvalitet og vil passe til dei fleste utdanningsprogramma. Grunnmodellen er i prinsippet gratis fordi han blir dekt fullt ut av utstyrsstipendet fra Statens lånekasse over tre år.

PC eller Mac?

For mange elevar vil PC vere det beste alternativet. På fleire av utdanningsprogramma blir det brukt programvare som berre fungerer på Windows. Dersom du likevel kjøper ein Mac må du skaffe deg ein Windows-lisens i tillegg slik at du kan kjøre desse programma i Windows på Mac-en. Ta kontakt med skulen for meir informasjon om dette.

Chromebook

Dersom du har ein chromebook vil du, mellom anna, få problem med å gjennomføre nettbaserte prøvar og eksamenar. Då må du nytte ein annan maskin - anten ein Windows-basert PC, eller ein Mac. Vi kan derfor ikkje anbefale chromebook til bruk i undervisninga.

Utdanningsprogram som krev meir yting

Nokre utdanningsprogram krev større yting i samband med bruk av spesielle program, for eksempel Medium og kommunikasjonsfag (MK) eller Musikk, dans og drama (MDD). Du kan oppleve at grunnmodellen ikkje har tilstrekkeleg yting eller dei tekniske spesifikasjonane som blir kravd.

I studieretningane TIP, Byggfag og Elektro blir det brukt programvare som berre fungerer på Windows. Dette gjeld for eksempel programvare for dataassistert konstruksjon (SolidEdge, DDS, MECA).

Er du usikker, kan du sjå om skulen har anbefalingar på sine heimesider.

Kjøpsvilkår

Avbetaling

Det er berre grunnmodellen du kan kjøpe mot avbetaling.

Grunnmodellen kostar 2973,- kroner ved betaling over tre år. Minste stipendsats er 991,- kroner x 3 år = 2973,- kroner totalt.

Dersom du vel å betale heile beløpet for grunnmodellen ved bestilling får du ein rabatt på 500,- kroner, og samla sum blir då 2473,- kroner.

Om du ønskjer å kjøpe ein annan modell enn grunnmodellen må heile beløpet betalast ved bestilling.

Garanti

Alle maskinene frå Lenovo blir levert med tre års garanti, og alle maskinane frå Apple blir levert med tre års Apple Care Protection Plan inkludert i prisen.

Tryggleiksavtale

Kjøp av tryggleiksavtale er frivillig. Ca 1200 elever valde å nytte seg av HFK sin prisforhandla tryggleiksavtale i 2015. Vi tilrår denne til årets elevar også. Du kan velje dette under bestillinga av maskina i portalen.

Elev-PC for vaksne

Vaksne som startar opplæring må ha berbar datamaskin.

Har du eiga datamaskin står du fritt til å nytte ho i undervisninga. Du vil få tilgang til alt du treng av programvare på skulen (blant anna Office 365 og antivirus program).

Du kan òg kjøpe subsidiert pc gjennom fylkeskommunen. Tilbodet gjeld modellen Lenovo ThinkPad 13 og eigenbetaling er 2473,- kroner.

Tilbodet kan berre nyttast ein gong og gjeld berre elevar som har fått plass og takka ja på våre tilbod om opplæring for vaksne.

Bestillingsportalen opnar 1. august. Du vil få informasjon om korleis du går fram for å kjøpe pc etter at du har fått bekrefta plass på opplæringa.

Det er senteret du er tilknytta som sender ut informasjon om kjøp av pc. Viss du har fått plass på opplæringa, men ikkje har fått informasjon om kjøp av pc, kan du kontakte senteret ditt. Her finn du oversikt over sentra: Senter for voksenopplæring.

Føresetnaden for tilbodet er at utdanninga blir fullført. Vaksne som ikkje fullfører utdanninga vil få tilsendt faktura på kroner 2 700 .

Modellar

Lenovo ThinkPad 13

Thinkpad13.jpg

CPU: Intel Core i3-6100U
RAM: 4GB DDR4-2133
HDD: 128GB SSD
Skjerm: 13,3" LCD LED 1366*768
Vekt: 1,45Kg
OS: Windows 10
Produktark

Pris: 2473,- kroner ved kontant betaling
Pris: 2973,- kroner ved avbetaling over tre år

Lenovo ThinkPad T560

Thinkpad560.jpg

CPU: Intel Core i5-6200U
RAM: 8GB DDR3L 12800
HDD: 128GB SSD
GFX: Nvidia GeForce 940MX 2GB
Skjerm: 15,6" FHD IPS 1920*1080
Vekt: 2,22Kg
OS: Windows 10
Produktark

Pris: 5431,- kroner

Macbook Air 13

Macbook-air13.jpg

CPU: Intel Core i5 1.6GHz
RAM: 8GB 1600Mhz LPDDR3
HDD: 128GB SSD
Skjerm: 13" LCD LED 1440*900
Vekt: 1.08Kg
Produktark

Pris:  7456,- kroner

iPad Air 2

ipadair2.jpg

64GB
9,7" LCD LED IPS 2048*1536
Vekt: 437gram

Pris: 2473,- kroner (merk: denne er kun tilgjengelig for utvalgte grupper)

Service og support