Vidaregåande opplæring

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skuleåret 2016-2018 er auka læringsutbyte og fullføring

Styringsdokument 2016-2018

Få gratis vidaregåande utdanning på ein av våre 43 vidaregåande skular. 

Vi tilbyr utdanning  for både ungdom og vaksne.

Vi kan tilby 13 utdanningsprogram som kan resultere i studiekompetanse og/ eller ei yrkesutdanning.

Skulestart 2017

Skuleåret 2017/2018  startar opp onsdag 16. august for dei vidaregåande skulane i Hordaland.

Praktisk informasjon

Har du spørsmål når det gjeld rettane og moglegheitene dine ved søknad og inntak til vidaregåande opplæring? Lurer du på kva retningsliner som gjeld når du skal søke skuleplass eller kva skuletilbod vi har som er litt utanom det vanlege? Svar på dette og meir finn du ved å følgje lenkene under.

Skulebruksplanen for dei vidaregåande skulane i Hordaland trekkjer opp den langsiktige retninga for dei vidaregåande skulane til fylkeskommunen.

Skulebruksplanen

Noko for ein kvar

Bygg ei utdanning

Har du ambisjonar om å sette synlege spor etter deg ved å bygge flotte bygg, vegar og bruer, uteområde og anlegg? Då kan bygg- og anleggsteknikk vere noko for deg. Du kan velje mellom fleire retningar på Vg2. Vi har 14 skular som tilbyr dette faget.

Du kan finne ut kva skular som har faget i Søkjarhandboka.

International Baccalaureate

Pre-IB  er Vg1 studiespesialisering med forberedande IB og er eit tilbod til elevar som vurderer å søke opptak til International Baccalaureate (IB) på Vg2. International Baccalaureate er ein internasjonalt anerkjent vidaregåande utdanning som du tar over to år ( Vg2 og Vg3).

Dette er eit krevjande kurs og passer for målretta elevar som ønskjer ein internasjonal vidaregåande skule.

Les meir om tilbodet på Bergen Katedralskole