Munnleg og munnleg-praktisk eksamen - privatist

Om du skal ta munnleg eksamen i norsk, framandspråk, religion eller engelsk, skal du levere ei leseliste. Du skal levere tema for ei prosjektoppgåve  om du skal ha munnleg-praktisk eksamen i geofag 1 eller 2. På munnleg-praktisk eksamen i naturfag, biologi, kjemi og fysikk skal du gjere praktiske øvingar.

Leselister

Læreplanen i norsk, religion og etikk, framandspråk og engelsk gir deg moglegheit til å gjere nokre val.  Til munnleg eksamen  i desse faga må du levere ei leseliste, det vil seie ei oversikt over kva val du har gjort.

Eksamenskontoret har laga forslag til leselister. Om du ikkje leverer leseliste, vil Eksamenskontoret sitt forslag blir brukt på eksamen. 

Du har sjølv ansvar for at leselista du leverer er i samsvar med kompetansemåla i læreplanen. Lista di vil ikkje bli kontrollert.

Frist for å levere leseliste

Send leselista di på e-post til eksamenskontoret innan:

  • 1. mars om våren
  • 1. oktober om hausten

Sørg for at lista di er tydeleg merka med namn, fødselsdato og fagkode.

Forslag til leselister

Her er eksamenskontoret sine forslag til leselister.

Norsk

Norsk Vg3 studieførebuande/påbygg - NOR1213 eller NOR1233 (pdf)

Norsk Vg3 studieførebuande/påbygg - NOR1213 eller NOR1233 (Word)

Norsk Vg2 yrkesfag - NOR1219 (pdf)

Norsk Vg2 yrkesfag - NOR1219 (Word)

Engelsk

Engelsk Vg1 studieførebuande/Vg2 yrkesfag - ENG1102 eller ENG1103 (pdf)

Engelsk Vg1 studieførebuande/Vg2 yrkesfag - ENG1102 eller ENG1103 (Word)

Internasjonal engelsk - SPR3009 (pdf)

Internasjonal engelsk - SPR3009 (Word)

Samfunnsfagleg engelsk - SPR3011 (pdf)

Samfunnsfagleg engelsk - SPR3011 (Word)

Engelskspråkleg litteratur og kultur (SPR3013) (pdf)

Engelskspråkleg litteratur og kultur (SPR3013) (Word)

Religion og etikk

Religion og etikk - REL1001 (pdf)

Religion og etikk - REL1001 (Word)

Framandspråk

Eksamenskontoret har berre laga forslag til leselister i nokre framandspråk.

Sjå generell orientering om nivå i framandspråk dersom det ikkje finst forslag til leseliste i språket ditt (pdf)

Her kan du lese om kva språk du kan ta munnleg eksamen i Hordaland. 

Arabisk

Arabisk nivå I - FSP5811 eller PSP5507 (pdf)

Arabisk nivå III - PSP5511 (pdf)

Fransk

Fransk nivå I - FSP5021 eller PSP5014 (pdf)

Fransk nivå II - FSP5027 eller PSP5016 (pdf)

Fransk nivå III - PSP5018 (pdf)

Italiensk

Italiensk nivå I - FSP5030 eller PSP5170 (pdf)

Italiensk nivå II - FSP5036 eller PSP5172 (pdf)

Italiensk nivå III - PSP5174 (pdf)

Kinesisk

Kinesisk nivå I - FSP5838 eller PSP5525 (pdf)

Kinesisk nivå II - FSP5844 eller PSP5527 (pdf)

Kinesisk nivå III - PSP5529 (pdf)

Kurdisk

Kurdisk sorani nivå III - PSP5541 (pdf)

Latvisk

Latvisk nivå III - PSP5619 (pdf)

Litauisk

Litauisk nivå III - PSP5755 (pdf)

Nederlandsk

Nederlandsk nivå III - PSP5625 (pdf)

Polsk

Polsk nivå I - FSP5874 eller PSP5549 (pdf)

Polsk nivå II - FSP5880 eller PSP5551 (pdf)

Polsk nivå III - PSP5553 (pdf)

Portugisisk

Portugisisk nivå III - PSP5649 (pdf)

Russisk

Russisk nivå I - FSP5084 eller PSP5044 (pdf)

Russisk nivå II - FSP5090 eller  PSP5046 (pdf)

Russisk nivå III - PSP5048 (pdf)

Spansk

Spansk nivå I - FSP5093 eller PSP5050 (pdf)

Spansk nivå II - FSP5099 eller PSP5052 (pdf)

Spansk nivå III - PSP5054 (pdf)

Somali

Somali nivå III - PSP5559 (pdf)

Tamil

Tamil nivå III - PSP5565 (pdf)

Tyrkisk

Tyrkisk nivå III - PSP5571 (pdf)

Tysk

Tysk nivå I - FSP5120 eller PSP5068 (pdf)

Tysk nivå II - FSP5126 eller PSP5070 (pdf)

Tysk nivå III - PSP5072 (pdf)

Prosjektoppgåve i geofag 1 og geofag 2

I geofag 1 og geofag 2 skal du gjennomføre ei prosjektoppgåve før eksamen. Send tema for oppgåva til eksamenskontoret innan fristen og ta med deg oppgåva og lever ho til eksaminator når du møter på eksamen. 

Om du møter på eksamen utan prosjektoppgåve, vil du ikkje få ta eksamen.

Frist for å levere tema til  prosjektoppgåve

Send temaet ditt til eksamenskontoret på e-post innan:

  • 1. mars om våren
  • 1. oktober om hausten

Sørg for at temaeter tydeleg merka med namn, fødselsdato og fagkode.

Praktiske øvingar i naturfag, biologi, kjemi og fysikk

På munnleg-praktisk eksamen i naturfag, kjemi, fysikk og biologi skal du gjere praktiske øvingar.

Her finn du lister over øvingar som er aktuelle i kvart fag.

Naturfag

NAT1001 vg1 yrkesfag (pdf)

NAT1002 vg2 studieførebuande (pdf)

NAT1003 vg3 påbygg (pdf)

Biologi

REA3001 biologi 1 (pdf)

REA3003 biologi 2 (pdf)

Fysikk

REA3004 fysikk 1 (pdf)

REA3006 fysikk 2 (pdf)

Kjemi

REA3011 kjemi1 (pdf)

REA3013 kjemi 2 (pdf)

Hjelpemiddel i førebuingstida

På munnleg  og munnleg-praktisk eksamen i dei fleste fag er førbuingstida 20 til 30 minutt. Du skal trekkje ei oppgåve som du skal arbeide med i førebuingstida.

I førebuingstida kan du bruke alle hjelpemiddel, også internett og kommunikasjon. Du må sjølv ha med deg hjelpemidla du ønskjer å bruke. I førebuingstida skal du vere på eit eige førebuingsrom. Det skal vere stille på førebuingsrommet.

Internett i førebuingstida

Dersom du ønskjer å bruke internett i førebuingstida, vil du få tilgang til trådlaust nettverk. For å logge deg på nettverket, må du bruke ein kode du får på sms, du må difor ha med deg mobil om du vil bruke internett i førebuingstida.

Hjelpemiddel på eksamen

På munnleg og munnleg-praktisk eksamen kan du berre bruke notat frå førebuingstida. Om du har med pc på sjølve eksamen, skal skjermen vere synleg for sensor og eksaminator under heile eksamen.

Førebuingsdel i informasjonsteknologi og teknologi og forskingslære

Munnleg-praktisk eksamen i desse faga har 48-timarsførebuingsdel:

  • REA3014 informasjonsteknologi 1
  • REA3016 informasjonsteknologi 2
  • REA3018 teknologi og forskingslære 1
  • REA3020 teknologi og forskingslære 2

Her kan du laste ned førebuingsdelen.

Profilbilde av Kontakt eksamenskontoret
Kontakt eksamenskontoret
55 23 95 55