Tilvising frå vidaregåande skular

Her finn du ei rettleiing som viser kva skulen skal gjere før dei tilviser til OT/PPT.

Ønskjer skulen å tilvise elev for kartlegging av lese- og skrivevansker?

  •  Før tilvising må skulen:
  1. Drøfte saka i skulen sitt ressursteam.
  2. Skulen skal ha samtale med eleven.
  3. Skulen skal ha gjennomgått kartleggingar i samsvar med opplæringslova § 5.4.

 

  • Ved tilvising skal følgjande dokument sendast til OT/PPT
  1. Kartlegging som er gjort på skulen.
  2. Kopi av logopedrapport etc. dersom eleven har vore kartlagt tidlegare.
  3. Kopi av samanhengande tekst på norsk og engelsk (stil eller liknande) som eleven har skrive (handskrive, retta av faglærar).
  4. Kort uttale frå norsklærar om korleis vanskane viser seg i undervisningssituasjonen og eleven sine sterke sider.
  5. Informasjon om kva tiltak skulen har prøvd ut.
  6. Dersom eleven er minoritetsspråkleg treng vi også informasjon om eleven sine norsk-kunnskapar, kor lenge eleven har vore i Noreg, og kva språkbakgrunn eleven har.

 Oversikt over OT/PPT-kontor i Hordaland

Ønskjer skulen å tilvise elev for kartlegging av matematikkvanskar?

  • Før tilvising skal skulen ha gjort:
  1. Saka skal ha vore tatt opp i skulen sitt ressursteam.
  2. Skulen skal ha hatt samtale med eleven.
  3. Skulen skal ha gjennomført kartleggingar i samsvar med Opplæringslova § 5.4

 

  • Ved tilvising skal følgjande dokument sendast til OT/PPT:
  1. Resultat frå kartleggingar skulen har gjort.
  2. Vurdering frå matematikklærer.
  3. Relevante opplysningar frå startsamtalen.

Ønskjer skulen å tilvise elev for kartlegging av psykososiale vansker som har innverknad på eleven sin læring?

Merk at OT/PPT ikkje set diagnose, driv behandling eller har langvarig oppfølging av eleven i forhold til vanskane.

  • Før tilvising
  1. Saka skal ha vore oppe i skulen sitt ressursteam.
  2. Skulane må ha hatt samtale med eleven for å undersøke om han/ho har kontakt med hjelpeapparatet som fastlege, BUP/VOP/DPS, psykolog, helsesøster eller andre i hjelpeapparatet.

 

  • Ved tilvising må skulen legge ved samtykke frå eleven og eventuelle andre dokument som er relevante for å belyse saka.

 

Tilvising av fleirspråklege elevar med spørsmål om fagvanskar

  • Før tilvising må skulen
  1.  Ha samtale med eleven.
  2.  Ha gjennomført aktuell kartlegging.
    • Norsk språklege ferdigheiter, er norskspråklege ferdigheiter vurdert?
    • For nytilkomne: har ein kartlagt kva kunnskapar eleven har med seg frå før? 
    • Uttalar frå faglærarar i aktuelle fag og vurdering av om eleven har forsvarleg utbyte av den ordinære undervisninga i dei ulike faga.
  3. Drøfte saka i skulen sitt ressursteam.

 

  • Ved tilvising skal følgjande dokument sendast til OT/PPT
  1. Kartlegging som er gjort på skulen (sjå ovanfor).
  2. Oppsummering av relevant informasjon frå startsamtalen.
  3. Kopi av rapportar dersom eleven har vore kartlagt tidlegare.
  4. Informasjon om kva tiltak skulen har prøvd ut og korleis desse har verka.
  5. Informasjon om kor lenge eleven har vore i Noreg, og kva språkbakgrunn eleven har.