Opplæring for grunnskuleelevar i institusjonar

Fylkeskommunen har opplæringsansvar for grunnskuleelevar som bur i sosiale og medisinske institusjonar.

Fylkeskommunen si PP-teneste har ansvar for å vurdere barnet sitt behov for spesialundervisning og gi rettleiing til skulane for desse elevane. Fylkeskommunen har óg ansvar for at barn i førskulealder som bur i medisinske og sosiale institusjonar får spesialpedagogisk hjelp ved behov.

Flytting til eller frå barneverneinstitusjon skal meldast til Hordaland fylkeskommune.

Handbok for samarbeid mellom barnevern og skule

Målgruppa for denne handboka er kommunale og statlege tilsette i barnevern og skule. Formålet er å bidra til klargjering av dei ulike aktørane si rolle og oppgåver slik at barn og unge som oppheld seg i barnevernsinstitusjonar i Hordaland får best mogleg opplæring. Handboka presenterer hovudmomenta i lovverket og dei praktiske rutinane som skal følgjast av dei ulike samarbeidspartane (sjå kapittel 2 og 3 for oversikt over konkrete rutinar).
For å kunne planleggje gode opplæringstilbod, er det ein føresetnad at fleire etatar, instansar og ulike fagpersonar inngår i eit forpliktande og tett samarbeid omkring det einskilde barn og ungdom.

Handbok for samarbeid mellom barnevern og skule

Profilbilde av Dagfinn Brekke
Dagfinn Brekke
55117455
Profilbilde av Akylina Samara
Akylina Samara
55239921