Når elevar vil avslutte vidaregåande opplæring

Når ein elev står i fare for å avbryte vidaregåande opplæring, må skulen eller bedrifta ta kontakt med Oppfølgingstenesta for å gjennomføre ein avklaringssamtale. Føremålet er å legge til rette for ein tidleg og forpliktande oppfølgingsavtale med ungdommen. Skulen har ansvaret for å gjennomføre samtalen.

Mål med avklaringssamtalen

  • Å førebygge avbrot
  • Å skape ein positiv relasjon mellom elev og OT/PPT
  • Å skape ein konstruktiv arena der ungdomen kan få møte og legge fram sine opplevingar og erfaringar
  • Å få fram kva for alternativ som finst for ungdommen
  • Å få ei god skriftleggjering av det som kjem fram i møtet og planen vidare for ungdommen

 Samtalen skal haldast:

  • Når det er fare for avbrot og ein meiner at OT/PPT vil kunne bidra til å førebygge avbrotet
  • Når det er sikkert at eleven sluttar

 Oversikt over OT/PPT-kontor i Hordaland

Kven skal delta i avklaringssamtalen?

Obligatoriske deltakarar:

  • Leiinga ved skulen (for eksempel elevinspektør), kontaktlærar eller rådgjevar, eleven, Oppfølgingstenesta. Dei som møter frå skulen må ha god kjennskap til eleven og saka.
  • Føresette må kallast inn dersom eleven er under 18 år.

Valfrie/nødvendige ressurspersonar:

  • Skulen vurderer i samråd med OT-rådgjevar om andre bør delta på møtet. Dette kan gjelde helsesøster, PPT, BUP, VOP, NAV og barnevern.

Før samtalen

Før ein kallar inn til avklaringssamtale bør saka drøftast i ressursteamet på skulen.

Skulen sitt ansvar i høve avklaringssamtalen:

  • Kontakte OT-rådgjevar for å gjere avtale om tidspunkt for avklaringssamtale. Dette bør helst gjerast per e-post.
  • Sende skriftleg innkalling til avklaringssamtale. For å sikre at elev/føresette kjenner til møtetidspunkt bør skulen og kontakte eleven over telefon/sms.
  • Ha rutine for å syte for at eleven er til stades.
  • Kalle inn andre aktuelle møtedeltakarar.
  • Fylle inn rubrikken «Opplysingar om eleven» i skjemaet «Avklaringssamtale og oppfølgingsavtale» på førehand.

Under samtalen

Skulen sitt ansvar:

  • Sørge for at skjemaet «Avklaringssamtale – Oppfølgingsavtale» blir fylt ut og underskrive på møtet.
  • Sørge for dokumentflyten. Eleven skal ha originalen av skjemaet «Avklaringssamtale - Oppfølgingsavtale», dei andre møtedeltakarane skal ha kopi. Skulen arkiverer dokumentet.
  • Sende kopi av dokumenta til føresette som ikkje har delteke i møte, dersom eleven er under 18 år.

OT sitt ansvar:

  • Førebygge fråfall i vidaregåande opplæring
  • Gi relevant informasjon til ungdommen og føresette
  • Vurdere behovet for oppfølging dersom eleven avbryt opplæringa

Skjemaet kan fyllast ut direkte på PC under samtalen.

Etter samtalen

Oppfølgingstenesta har ansvaret for oppfølginga av ungdommar som har avbrote opplæringa, jamfør oppfølgingsavtalen.
Retten til oppfølging gjeld fram til utgangen av det skuleåret året ungdommen fyller 21 år.

Prosedyre viss eleven ikkje kjem på møtet

Skulen prøver å få kontakt med eleven/føresette ved møtestart.

Dersom ein likevel ikkje får kontakt med eleven gjeld følgjande:

  • Viss det er uklart om eleven skal slutte eller ikkje, må det innkallast til ny avklaringssamtale.
  • Skulen vurderer saman med OT om det i andre tilfelle skal kallast inn til ny samtale, til dømes ved uro kring eleven si helse eller livssituasjon.

Vedlegg

Dersom eleven skal skrivast ut av skulen utan å ha møtt til avklaringssamtale, må kopi av skriftleg innkalling til ungdommen/føresette leggast ved avklarings- og oppfølgingsavtalen.