Hjelp til å gjennomføre vidaregåande opplæring

Har du vanskar som går ut over læringa di?

Du som er elev eller lærling kan få hjelp til å kartlegge:

  • lese- og skrivevanskar
  • matematikkvanskar
  • konsentrasjonsvanskar
  • vanskar i din livssituasjon som er til hinder for god læring

Tilrettelegging av opplæringa:

PPT gir råd til skulen om korleis opplæringa kan leggast opp slik at eleven får tilfredsstillande utbytte av opplæringa trass i vanskane sine.

PPT kan også gi råd om kva du sjølv kan gjere.

Viktige områder er tilrettelegging på prøvar og eksamenar, hjelpemiddel i den daglege undervisninga, ekstraundervisning i enkelte fag og liknande.


Oversikt over OT/PPT-kontor i Hordaland

Spesialundervisning

Dersom du ikkje har tilfredsstillande utbytte av den vanlege opplæringa trass i tilrettelegging, så kan det hende du har behov for spesialundervisning. Spesialundervisning vil seie at du får ekstra støtte ut frå dine behov. Eksempel på dette kan være tettare oppfølging frå lærar, eiga læreplan, hjelp av assistent med meir. Rådgjevaren på din skule kan hjelpe deg med søknaden.

For å komme i kontakt med PPT fyller du ut eit tilvisingsskjema (henvisning) og sender dette til PPT-kontoret i din region.

Kven kan kontakte OT/PPT ved hjelp av tilvisingsskjemaet?

  • Ungdom, elev, lærling, lærekandidat og praksiskandidat
  • Foreldre med samtykke frå ungdommen
  • Bedrift eller skule med samtykke frå ungdommen