Er du utan skuleplass?

Oppfølgingstenesta (OT) har ulike tilbod for deg som er i alderen 16-21 år og ikkje har brukt opp retten til vidaregåande opplæring.

  • Du kan få utdannings- og yrkesrettleiing. Våre rådgjevarar kan hjelpe deg med å finne ut korleis du kan nå dine mål.
  • Du kan få hjelp til å søkje vidaregåande opplæring.

Ta kontakt med OT/PPT-kontoret ditt eller fyll ut og send inn tilvisingsskjemaet.

OT tilbyr også alternative opplæringstilbod

Korte kompetansegjevande kurs

Du kan få tilbod om korte kompetansegjevande kurs. Dette kan for eksempel vere truckførarkurs, traktorkurs eller vektarkurs.

Studieverkstad

Du kan få tilbod om å delta på ein studieverkstad kor du får tilpassa opplæring. Dette er eit tiltak i fellesfaga (Yrkesfaglege programområde) - matematikk, norsk, engelsk, samfunnsfag, naturfag og kroppsøving.

Hyssingen Produksjonsskule

Hyssingen har kulturverkstad, bygg- og anleggsverkstad og restaurant- og matfag. Dette er eit tilbod til dei som treng å finne retning og utnytte sitt eige potensial. Søknad til produksjonsskulen går gjennom OT/PPT.
Sjå nettsida til Hyssingen produksjonsskule

Utprøving og praksisplass

Gjennom OT kan du også få hjelp til utprøving i arbeidslivet eller praksisplass i samarbeid med NAV.

#Gameplan

#Gameplan er eit gruppetiltak for ungdomar som ikkje er motiverte for å gå på skule eller vere i arbeid. Alle ungdomar lagar sin eigen #gameplan (aktivitetsplan) som er retningsgivande på vegen vidare mot utdanning og arbeid. Målet er at dei gjennom 8 samlingar er betre i stand til å ta val som kan hjelpe dei på vegen mot utdanning og arbeid.

NAV-samarbeid

I samarbeid med NAV kan vi også hjelpe med alternative vegar til utdanning og arbeid.

Sjå samarbeidsavtalen mellom OT/PPT og NAV