OT/PPT

Verksemdplan for seksjon OT/PPT 2016-2019

Seksjon OT/PPT er ein aktiv deltakar i arbeidet med å auke gjennomføring i opplæringa.

Til planen

OT/PPT er eit team av rådgjevarar, spesialpedagogar og psykologar.

Oppfølgingstenesta (OT) arbeider for ungdom i alderen 16-21 år som står utanfor vidaregåande opplæring.

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) samarbeider med skulane for å førebyggje fråfall og medverke til at elevar får ei best mogleg gjennomføring av vidaregåande opplæring

OT/PPT har teieplikt. Bruk av våre tenester er frivillig og all kontakt er gratis.

Tenestene våre

OT/PPT sine tenester er retta mot ungdom utanfor vidaregåande opplæring, elevar i vidaregåande opplæring og dei vidaregåande skulane i fylket.

Eit godt eksempel

- #gameplan blei ein vekkjar for meg

Banele Mgwaba var skulelei og droppa ut av vidaregåande skule hausten 2014. Han fekk tilbod om å delta på #gameplan, eit tiltak i regi av OT. I #gameplan møtes ungdommar som ikkje er motivert for å gå på skule eller vere i arbeid. Målet er å gjere ungdommane betre i stand til å ta val som kan hjelpe dei på vegen mot utdanning og arbeid.

Dette gav han ny motivasjon. Etter #gameplan fekk Banele plass på Hyssingen produksjonsskule. Der fekk han jobbe med filmredigering som er noko han brenn for. Målet hans er no å få skuleplass på NOROFF der han kan vidareutvikle sine interesser.

- Gjennom #gameplan fann eg ut kva eg liker å gjere. Eg lærte kor viktig det er å møte opp og at ein må gi beskjed dersom ein ikkje kan komme. #gameplan er ein god start om ein ikkje veit kva ein vil, seier Banele.