Bli lærebedrift

Som lærebedrift tar du samfunnsansvar og er med å sikre rekrutteringa av fagarbeidarar i Hordaland. Ei lærebedrift er ei bedrift som er godkjend for å teikne kontrakt med lærlingar og lærekandidatar.

Kven kan bli lærebedrift?

For å bli godkjend som lærebedrift må bedrifta di:

  • kunne gi opplæring i Vg3-læreplanen for faget, enten sjølv eller i samarbeid med andre.
  • ha ein person som kan vere fagleg leiar og ha ansvar for og tilsyn med opplæringa. Denne personen må sjølv ha fagbrev eller annan kompetanse som er relevant i forhold til opplæringa.
  • utarbeide ein intern plan for opplæringa for å sikre at lærlingen får opplæring i samsvar med læreplanen.

Krav i opplæringslova

Opplæringslova stiller krav til lærebedriftene. Fylkeskommunen kan rettleie deg om desse oppgåvene. Er du medlem av eit opplæringskontor får du hjelp der. Ta kontakt med fagopplæringskontoret eller kom på informasjonsmøte om lærlingeordninga.

Opplæringslova, kapittel 4 Vidaregåande opplæring i bedrift

Forskrift til opplæringslova - særskilte reglar om fagopplæringa

Korleis bli lærebedrift

Du må fylle ut søknadsskjema og sende dette til Hordaland fylkeskommune for at bedrifta di skal bli godkjend som lærebedrift. 

Dette må du huske når du skal søke:

  • Les læreplanen og finn ut om di bedrift kan gi opplæring i det aktuelle faget
  • Legg ved dokumentasjon på den faglege leiaren sine kvalifikasjonar
  • Send søknaden med signatur til fylkeskommunen sin postadresse eller til fagopplaering@hfk.no

Finn læreplanen for faget du ønskjer å gi opplæring i

 

Informasjonsmøte og kurs

For å kunne ta i mot lærlingar må bedrifta di gjennomføre eit elektronisk introduksjonskurs for nye lærebedrifter eller komme på eit informasjonsmøte.

Nettkurs for nye lærebedrifter

På nettkurset får du ein gjennomgang av lærlingeordninga og kva for rettar og plikter ein lærekontrakt inneber for partane, samt informasjon om tilskotsordningar. Både dagleg leiar og fagleg leiar kan ta dette kurset. Når du har gjennomført kurset får du eit kursbevis. Dette legg du ved søknaden om å bli godkjent som lærebedrift.

Start nettbasert kurs for nye lærebedrifter

Fortsette kurset dersom du allereie er registrert brukar

Informasjonsmøte

Eit alternativ til nettkurset er å komme på eit informasjonsmøte for nye lærebedrifter. Det er først og fremst fagleg leiar som skal delta på dette møtet. På møtet kan du stille spørsmål og møte representantar frå fagopplæringskontoret. Møtet varar i ein og ein halv time. Det er ingen påmelding til informasjonsmøta.

Finn møtedatoar og les meir om informasjonsmøta i kalenderen.

Tilskot

Lærebedrifta får tilskot frå fylkeskommunen som skal dekke utgifter til opplæring av lærlingen.

  • Tilskot for å ta inn lærling med ungdomsrett er på kr 6 168 pr. månad, gjeldande frå 01.01.17.
  • Tilskot for å ta inn lærling utan ungdomsrett er på kr 4 770 pr. månad, gjeldande frå 01.01.17.

Utfyllande informasjon om satsane (Utdanningsdirektoratet)

I tillegg til Utdanningsdirektoratets faste satsar har Hordaland fylkeskommune vedtatt å vidareføre basistilskot 2 for avviksfaga i 2017. Tilskot til nye lærebedrifter vert ikkje vidareført i 2017.

Ekstra tilskot du kan søke om

Ta kontakt med fagopplæringskontoret for meir informasjon om korleis du kan søke desse tilskota:

  • 107 442 kr ekstra tilskot kvart år for lærlingar og lærekandidatar med særskilte behov.
    • Tilskotet tildelast av utdanningsdirektoratet
    • Tilskotet som blir tildelt kan verta mindre en det som er søkt om viss det er mange søkjarar
    • Fylkeskommunen vidareformidlar søknadar på vegne av lærebedrifta
    • Kan søkjast frå og med midten av februar 2017. Frist å søkja via fylkeskommunen er 1. september.
    • Informasjon om vilkåra finn ein på Utdanningsdirektoratet sine nettsider
  • 30 000 kr ekstratilskot ved teikning av opplæringskontraktar (lærekandidatar). Dette gjeld berre ungdom med ungdomsrett heimehørande (folkeregistrert) i Hordaland fylkeskommune.
    • Dette må bedrifta søkje om og ramma er avgrensa til 2.1 millionar kroner. Dette gjer at det er midlar til å støtte 70 kontraktar i 2017. Det er då viktig å søkje om desse midlane samtidig som teikning av kontrakt blir behandla. I 2016 vart det inngått 80 slike kontraktar.
Profilbilde av Kontakt fagopplæringskontoret
Kontakt fagopplæringskontoret
55 23 99 00