Opplæring i bedrift

Utdrag «Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016»:

Fagopplæringskontoret skal være ein pådrivar for å utvikle ei opplæring i bedrift som er kjenneteikna av heilskap, kvalitet og tenleg organisering og som gir arbeidslivet relevant kompetanse.

Sjå planen

Behovet for fagarbeidarar er stort i Hordaland. Lærlingar og lærekandidatar er ein viktig ressurs for arbeidslivet, og ein god måte å rekruttere framtidig arbeidskraft på.

Hordaland fylkeskommune ved fagopplæringskontoret administrerer fagopplæringa i fylket. Vi gir rettleiing og støtte til lærebedrifter og lærlingar gjennom heile læretida. Vi hjelper verksemder med å skape gode læringsmiljø for lærlingar og lærekandidatar.

Hovudkontoret til fagopplæringa er i Bergen. Vi har også kontor i Norheimsund og på Stord.

Det finst fleire vegar til fagbrev. Den vanlegaste er å først gå på skule i to år og deretter gå to år i lære i ei bedrift. Andre alternativ er full opplæring i bedrift, vekslingsmodellen og TAF. Du kan også bli lærekandidat. Dette inneber at du får opplæring i utvalde delar av læreplanen.

Fagopplæring i Hordaland

På desse sidene finn du det treng å vite for å ta ei yrkesutdanning, bli lærebedrift eller jobbe i prøvenemnda.

Eit godt eksempel

Far og dotter tok same fagprøve

– Det var eg som begynte først, så begynte han ei veke etterpå, seier Lilly Marie Stokken (25). Saman med faren Ole Andreas Stokken (45) har ho teke fagbrev i automatiseringsfaget. Dei er to av over 500 som tok fag- og sveinebrev i Sunnhordland i 2015. At dei begge enda opp å ta automatiseringsfagbrev samstundes var tilfeldig. Lily tok faget fordi ho trivst med å bruke hendene og å bygge noko. Ole Andreas tok fagbrev grunna jobben sin. Han hadde jobba lenge med automasjon og ville utvide kompetansen slik at han får eit bevis for arbeidet han har gjort.
– Å gå gjennom dette saman har vore ei god oppleving. Eg hadde ein som skjønte presset eg var under og som eg kunne snakka med, fortel Lilly.
– Automatiseringsfaget er eit veldig stort fag, du skal kunna litt om alt. Me bygde kvarandre opp, legg Ole Andreas til.

Lærlingar på utveksling i Tyskland

I vinter var Mathilde Andersen (19) og Ketdao Naree Fredheim (18) på et praksisopphald ved det tekniske universitetet i Ilmenau i Thüringen (Technische Universität Ilmenau). Dei to arbeider som kontorfaglærlingar på fagopplæringskontoret i Hordaland fylkeskommune. Opphaldet var finansiert gjennom EU-programmet Erasmus+.

– Det var spennande å møte tyske lærlingar i kontorfaget og oppleve arbeidskvardagen deira. Vi lærte både om den tyske lærlingordninga og om korleis administrasjonen på universitetet jobba. Det aller kjekkaste med utvekslingsopphaldet, var alt ein måtte ordne på eiga hand. Vi blei meir sjølvstendige, seier Mathilde.

– Eg vil absolutt anbefale andre lærlingar å dra på utveksling. Men eg vil også råde dei til være ein lengre periode enn oss. 19 dagar framsto som lenge då vi drog, men då opphaldet gjekk mot slutten følte vi det var i kortaste laget, seier Ketdao.