Faget utdanningsval

Underviser du i faget utdanningsval og treng fagleg oppfølging eller tips  til undervisninga? Vi kan hjelpe deg!

Senter for yrkesrettleiing er eit kompetansesenter i Hordaland fylkeskommune. Vi arbeider for å utvikle elevane sine evner til å gjere gode utdanning- og yrkesval. For å oppnå dette ønsker vi å støtte deg som er lærar i utdanningsval. Vi tilbyr kurs, seminar og rettleiing for å vidareutvikle det vi meiner er det viktigaste faget i skulen. Vi ønskjer å høyre frå deg dersom du treng bistand, har tips, spørsmål eller konkrete opplegg du vil dele med andre.

Kva er utdanningsval?

I utdanningsval-faget skal elevene oppnå kompetanse i å treffe karriereval som bygger på deira eigne ønske og føresetnader. Elevane skal forstå tydinga av utdanning, arbeidsdeltaking og livslang læring. Faget skal gi kunnskap om kva ulike utdaningsvegar kan føre fram til, og gi innsikt i ein arbeidsmarknad i endring. Elevane skal lære å ta val og sjå korleis interessene og ressursane deira kan nyttast i utdaningssystemet og arbeidslivet.

I utdanningsval kan aktiviteter skje på andre læringsarenaer enn på skulen. Faget skal styrke samarbeidet mellom ungdomstrinn og vidaregåande opplæring og mellom ungdomstrinn og lokalt arbeidsliv. Elevane skal prøve ut og bli bevisste på eigne interesser, og skulane skal arbeide for at elevane gjer kunnskapsbaserte val av utdaning og yrke.

På udir.no kan du lese læreplanen til faget utdanningsval

I Facebook-gruppa Utdanningsval kan du delta i diskusjonar om faget

Aktørkart

SYR har på bestilling frå Næringsalliansen i Bergen utarbeidd eit såkalla aktørkart.

Aktørkaret skal gir ein oversikt over samarbeidet mellom skule og arbeidsliv i Hordaland. Det er eit dynamisk dokument på den måten at det alltid er ope for tilføring av nye aktuelle aktørar. 

Last ned "Samarbeid skule og arbeidsliv i Hordaland fylke - eit mangfald av innovative aktørar" (pdf)