Tips og råd om utdanning og yrkesval

Det er mykje å ta stilling til når ein skal finne velje utdanning og yrkesveg. For å gjere eit godt val må ein starte med å bli kjent med seg sjølv. Her er nokre tips til kva ein bør tenke gjennom. Lukke til med valet!

Tenk gjennom:

  • Kva interesserer du deg for, og kva er meiningsfullt arbeid for deg?
  • Kva er dei sterke sidene dine og dei fremste eigenskapane dine?
  • Kva for fag eller type aktivitet presterer du best i?

Bruk nettet:

  • Finn informasjon om skolar og utdanningar.
  • Finn informasjon om yrke, bedrifter og bransjar.
  • Ta testar og finn verktøy som kan skissere interessene dine og kompetansen din.

Eksperiment:

Om du har nokre utdanningar eller yrke som du tenkjer kan vere aktuelle for deg, kan det vere greitt å gjere følgjande eksperiment:

  • Finn informasjon om eit fag som liknar litt på faget som er førstevalet ditt.
  • Finn informasjon om eit fag som liknar, men som du ikkje veit noko om frå før.

Tenk stad

Før du bestemmer deg for ei utdanning eller eit yrke, finn også ut om det er mogleg å ta den utdanninga eller å få den typen arbeid du ønskjer, der du bor, eller om du må flytte til ein annan stad. 

Lytt til andre, men tenk sjølv

Foreldra dine, slektningar eller andre kjente kan ha kunnskap om ulike yrke og utdanningar. Det vil vere fornuftig å høyre på den informasjonen dei kan gi deg. Men du kan godt stille spørsmål ved om dette er noko dei veit eller om det er noko dei trur.

Husk at sjølv om innspel frå andre kan være nyttig, skal du sjølv ta avgjersla. Det er ditt val!

Interesser og engasjement

Interessene dine er forma av korleis du er som person. Kunnskapen du har om ulike yrke er eit resultat av informasjon du har fått i oppveksten av foreldre eller føresette, og gjennom miljøet du har vakse opp i. 
Sannsynlegvis finst det mange yrke som du knapt har hørt om, men som likevel kan vere interessante for deg - berre du får vite om at dei eksisterer og kva arbeidet eigentleg går ut på. 
Skaff deg derfor brei informasjon om utdanning og yrke før du tek utdanningsvalet ditt og bestemmer deg for kva du skal bli!'

På vilbli.no finn du ein interessetest som kan hjelpe deg med å avdekkje interessene dine og med val av veg.

Kva er du god til?

På skulen har du sikkert funne ut kva for fag som er dei lettaste for deg, og kva for fag du strevar med.

  • Er du teoretisk? Kva liker du best, språk eller matematikk?
  • Er du kunstnarisk, liker du å teikne og måle eller spele eit instrument?
  • Er du praktisk? Trivst du med å lage mat, sy eller snekre, reparere eller mekke?

Personelege eigenskapar

Med eigenskapar meiner vi korleis du er som person.

  • Er du sosial? Liker du å vere saman med mange menneske? Har du lett for å prate og bli kjent med andre, eller trivst du best saman med nokre få gode venner?
  • Greier du å samarbeide, eller vil du helst ha det på din måte?
  • Er du flink til å lytte til andre sine idear og meiningar?
  • Er du til å stole på?
  • Liker du å ha det ryddig rundt deg, eller er du ein rotekopp?
  • Er du full av initiativ, eller liker du best at andre bestemmer og ordnar opp?

 

Kva passar du til?

Korleis du er som person, er viktig for valet ditt av framtidig yrke. Er du ein svært sosial person, kan du passe godt i eit yrke der du treffer mange ukjente menneske.

Når du ein gong i framtida skal søkje jobb, vil arbeidsgivaren leggje stor vekt på kva for  personlege eigenskapar du har. Det kan vere svært viktig om du er til å stole på, om du har lite fråvær, og om du kan samarbeide og arbeide sjølvstendig.

Haldninga til arbeidet og dei du skal arbeide saman med, kan ha vel så mykje å seie som gode karakterar frå skolen. Derfor er ordens- og åtferdskarakterane viktige!

Dei fleste vil nok vere einige i at meistring, det å føle at du får til det arbeidet du skal utføre, er ein føresetnad for å trivast i eit yrke. Det same gjeld utdanning: Skal du trivast best mogleg i skolen og gjere det bra fagleg, bør du velje ei utdanning som er tilpassa dei personlege eigenskapane dine og det du er best til.

Derfor er det viktig å finne ut kva for krav som blir stilt i aktuelle yrke og utdanningar, og å halde det opp mot kva ein sjølv er flink til og realistisk sett kan klare. 

Men det er ikkje berre gode evner som skal til for å nå eit bestemt mål. Med god motivasjon, hardt arbeid og lite fråvær frå skole og eventuelt lærebedrift, vil du også kunne nå veldig langt. Mange bedrifter seier at det å vere punktleg og å ha motivasjon er det aller viktigaste.