Medium og kommunikasjon

Medium og kommunikasjon er frå hausten 2016 eit studieførebuande utdanningsprogram. Du som vel Medium og kommunikasjon, bør ha god skriftleg og munnleg uttrykksevne.  Utdanningsprogrammet passar for deg som er interessert i informasjonsteknologi og digitale medium.

Du lærer om dei ulike verkemidla som nyttast for å få fram bodskap i media. Forteljarteknikkar innan tekst, lyd og bilde og utforming av layout vil stå sentralt. Faga krev ofte at ein tar i bruk både kreative og analytiske evner.

Medium og kommunikasjon siktar mot yrke innan mediebransjen, samt andre verksemder som arbeider med digital teknologi og kommunikasjon. 

Bransjesider og spennande lenkjer

Slik er arbeidskvardagen for ein journalist

Skular i Hordaland som tilbyr medium og kommunikasjon

Amalie Skram videregående skole
Garnes vidaregåande skule
Laksevåg videregående skole
Nordahl Grieg videregående skole
Stord vidaregåande skule