Foreldre som ressurs

Foreldre  er viktige karriererettleiarar for sine barn. Kunnskapen og erfaringa deira er av stor nytte når neste generasjon skal velje yrke og utdanning.

Hordaland fylkeskommune ved Senter for yrkesrettleiing tilbyr eit seminaropplegg som rådgjevarar i ungdomsskulen kan bruke på foreldresamlingar. Seminaret legg opp til at deltakarane deltar aktivt. Dei lærer av kvarandre i grupper, løyser oppgåver på nettet og deltek i uhøgtidelege konkurransar med vidaregåande opplæring som tema.

Kvifor?

Erfaring og forsking viser at elevar i stor grad diskuterer utdannings- og yrkesval med foreldra. Samtidig gir elevane uttrykk for at dei ikkje heilt kan stole på foreldra sine råd fordi foreldra gjerne gir råd ut frå slik verda såg ut då dei sjølv var unge.

Aktivitetar på seminaret

  • Gjennomgang av strukturen i vidaregåande opplæring
  • Faktorar som påverkar dei unge sitt val av utdanning og yrke
  • Oppgåver og øvingar for å lære meir om vidaregåande opplæring, høgare utdanning og yrke
  • Praktiske oppgåver som kan bidra til at foreldre tenkjer over sterke og svake sider og eventuelle barrierar hos sine eigen born

Praktisk informasjon

  • Både opplæringa og materiellet som trengs for å gjennomføre seminaret er gratis
  • Senter for yrkesrettleiing kan óg være med å gjennomføre ei foreldresamling
  • Ta kontakt med oss for meir informasjon