13 utdanningsprogram - eitt val

Kva skal du velje? Studieførebuande eller yrkesfagleg opplæring? Vidaregåande opplæring er inngangsporten til yrkeslivet og til vidare studiar. Det finst til saman 13 utdanningsprogram som representerer ulike fag og programområde.

Yrkesfaglege utdanningsprogram

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gir yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3–5 år. Du har òg moglegheit til å ta påbygging til generell studiekompetanse.

Bygg- og anleggsteknikk
Design og handverk/medieproduksjon
Elektrofag
Helse- og oppvekstfag
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Service og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon

Studieførebuande utdanningsprogram

Den studieførebuande opplæringa legg mest vekt på teoretisk kunnskap og gir studiekompetanse. Vel du studieførebuande opplæring, kan du studere vidare etter 3 år.

Studiespesialisering - realfag, språk, samfunnsfag og økonomi
Medium og kommunikasjon
Musikk, dans og drama
Idrettsfag
Kunst, design og arkitektur