Mittyrke.no

Utdrag frå fylkestingsvedtak for etablering av Senter for yrkesrettleiing:

Vi arbeider for ei heilskapleg og effektiv yrkes- og karriererettleiing i Hordaland.

Sjå fylkestingsvedtak

Her kan du som er ungdomsskuleelev logge deg på og velje kva for utdanningsprogram du vil prøve ut på vidaregåande skule. Følg lenka under og vel tre utdanningsprogram du kan tenke deg å prøve i praksis.

Før du vel kan du orientere deg om yrkes- og utdanningsval særleg retta mot vidaregåande opplæring. Målet vårt er å gi elevar, foreldre og lærarar god informasjon om dei ulike utdanningstilboda i Hordaland.

Vi gir deg råd og tips om kva som er viktig å tenke på når du skal velje. Du får lære om dei ulike utdanningsprogramma i vidaregåande skule. I tillegg gir vi deg tips om gode nettressursar som omhandlar utdanning, arbeidsmarknad og karrieremoglegheiter.

Mittyrke.no er meint for å brukast i faget utdanningsval i ungdomsskulen. Dette er staden du loggar deg inn og søker når du skal prøve eit utdanningsprogram på ein vidaregåande skule i 9. og 10. klasse. Du som er rådgjevar eller lærar kan finne informasjon om karriererettleiing og kompetanseutvikling frå fylket representert av Senter for yrkesrettleiing.

Skule og arbeidsliv

Her finn du tenester og informasjon som omhandlar val av yrke og utdanning, samt arbeidsmarknad.

Eit godt eksempel

6000 elevar får prøve vidaregåande opplæring

- Mittyrke.no gjer det enklare for lærarane å halde kontroll på den store elevmassen som skal prøve vidaregåande skule for éin dag, seier Kjell Helge Kleppestø, leiar ved Senter for yrkesrettleiing i Hordaland fylkeskommune.

Over 6000 elevar frå 29 kommunar besøker kvart år ein vidaregåande skule for å prøve eit utdanningsprogram. Ordninga er ein del av faget utdanningsval i ungdomsskulen i niande og tiande klasse. For å søke utprøvingsplass loggar dei seg på mittyrke.no og set opp tre ulike utdanningsprogram dei ønskjer å prøve. Desse skal så rangerast frå ein til tre.
- Systemet er enkelt og gir elevane innblikk i korleis det er å søke plass til vidaregåande opplæring, seier Kleppestø.

(Foto: illustrasjonsfoto)