Førebu deg til karriererettleiing

Karriererettleiing er mellom anna for deg som skal ta utdannings- og yrkesval eller opplever omstillingar i arbeidslivet. Karriere Sunnhordaland tilbyr individuell rettleiing til deg som bur i  Stord, Fitjar, Austevoll, Tysnes, Kvinnherad, Etne, Sveio og Bømlo.

For å «kople deg på» rettleiingstimen, vil vi rå deg til å tenkje gjennom desse spørsmåla på førehand.

  • Kva er den viktigaste grunnen til at du vil ha karriererettleiing?
  • Kva ønskjer du spesielt å få hjelp til?
  • Korleis ser ønska dine for framtida ut?
  • Kva for andre moglegheiter har du tenkt på?
  • Kva trur du skal til for at du skal kunne oppnå det du ønskjer? 
  • Kva er dei største utfordringane dine i med omsyn til framtidig  jobbsituasjon slik du ser det?
  • Korleis vil du beskrive deg sjølv som person?
  • Kva opplever du er viktig for at du skal trivast på ein arbeidsplass?
  • Kva likar du godt å gjere når du jobbar og/eller når du har fri?
  • Når har du følt trivsel og meistring i skule- eller yrkessamanheng?

Førebu deg på nett

         

Utdanning.no er ein nasjonal nettside med informasjon om utdanning og yrke. Den har oversikt over utdanningstilbodet i Norge. Her finn du mellom anna karakterkalkulatoren og jobbkompasset.

Utdanning.no

Jobbkompasset

Karakterkalkulatoren

 Vilbli.no er nettstaden for deg som skal søkja vidaregåande opplæring. Du finn quiz og interessetesta, informasjon om dei 13 utdanningsprogramma, oversikt over alle programområda og alle yrke/kompetansar.

Vilbli.no

Samordna opptak er nettstaden for deg som skal søke høgare utdanning. Her finn du oversikt over studium og opptakskrav i Norge.

Samordna opptak

På Nav sine nettsider finn du gratis testar om utdanning- og yrkesval. For å få utbyte av testane anbefaler vi deg å samtale om resultata med ein rettleiar.

Interessetest - spesielt berekna på ungdom

Veivalg - for deg som skal velja vidaregåande eller høgare utdanning

Akademia - for deg som skal ta høgare utdanning, eller skifta jobb