Karriererettleiing

Frå sak i Fylkesutvalet: Etablering av karrieresenter i Hordaland:

...tenesta skal ha fokus på tre sider av karrierevalsituasjonen: Personlege tilhøve, informasjon om arbeidsmarknad og utdanningstilbod og det å gjere personlege, eigne val.

Karriererettleiing er eit satsingsområde i Hordaland fylkeskommune. I dag tilbyr vi karriererettleiing for vaksne i Sunnhordland.

Individuell karriererettleiing ved Karriere Sunnhordland er eit tilbod til deg over 19 år. Vi vil hjelpe deg som skal ta val innan utdanning, opplæring og arbeid. Målet er å gi deg verktøy som gjer at du kan handtere di eiga karriere.

Karriererettleiinga er gratis og gjeld for deg som bur i kommunane Stord, Fitjar, Austevoll, Tysnes, Kvinnherad, Etne, Sveio og Bømlo.

Bestill karriererettleiing

Du kan bestille time her på nettsida. Før du kommer til karriererettleiing ønskjer vi at du førebur deg ved å gå gjennom nokre spørsmål.