Fagskuleutdanning

Utdrag frå Lov om fagskoleutdanning

Fylkeskommunen skal sørge for at det tilbys godkjent fagskoleutdanning som tar hensyn til lokalt, regionalt og nasjonalt kompetansebehov innenfor prioriterte samfunnsområder.

Sjå fagskoleloven

Fagskuleutdanningar er korte yrkesretta utdanningar som er frå eit halvt til to år i omfang. Utdanningane er sidestilt med anna høgare utdanning og bygger på relevant vidaregåande opplæring.

Fagskuleutdanning skil seg frå høgare utdanning på ein del område. Du kan mellom anna søke opptak på grunnlag av fullført fagbrev. Det er ikkje krav om at undervisinga i fagskulane skal vere forskingsbasert, slik det er for anna høgare utdanning. Ei fagskuleutdanning skal i større grad være direkte kopla til arbeidslivet sine behov. 

Hordaland fylkeskommune er skuleeigar for Fagskolen i Hordaland og Hordaland helsefagskole. Styret for dei fylkeskommunale fagskulane i Hordaland blir valt av fylkestinget.

Fagskuletilbod og tilskotsordningar

Her finn du informasjon om fagskulane våre, opptak og tilskotsordning for tilbydarar av fagskuleutdanning

Eit godt eksempel

Avslutta fagskule med suverent hovudprosjekt

I tillegg til sine respektive jobbar, har Håvard Skogseth og Trond Gudding i to år reist til Stord tredje kvar veke for å ta fagskuleutdanning. Då gjorde det ekstra godt at eit felles hovudprosjekt vart særs vellukka.

Vi var tidleg ute og sjekka med arbeidsgjevarane våre om dei hadde relevante og aktuelle oppgåver som vi kunne få bryna oss på. Sør-Norge Aluminium (Hydro Husnes) der eg jobbar kom kjapt opp med eit forslag som fall i god jord i gruppa vår. Fagskulen meinte også at dette var interessant, fortel Skogseth. Då var det det eigentleg berre å hiva seg rundt, og starta opp så raskt som råd.

Oppgåva heiter «Ombygging til PLS på sugelossingsanlegg». Kort fortalt har vi oppgradert delar av styringa på eit losseanlegg på kaien.

Hjå Hydro Husnes er det vedlikehalds- og automasjonsingeniør Roald Eide som har vore kontaktperson for fagskulestudentane. Han er full av lovord om prosjektet som er gjennomført.