Protetikk

Rehabilitering med kroner, broer, implantater og proteser.

Kva er protetikk?

Protetikk er diagnostisering, behandlingsplanlegging, rehabilitering og ivaretaking av orale funksjonar, komfort og estetikk til pasientar.

Behandling

Behandlingsplanlegging og rehabilitering av tenner/tyggefunksjon ved hjelp av implantat, proteser, kroner, bruer og porselenslaminat høyrer inn under spesialiteten oral protetikk. Vidare omfatter også spesialiteten behandling av kjeveleddslidingar. 

Mange personar opplever å miste tenner. I nokre tilfelle medfører dette kompliserte behandlingsbehov der høg fagleg kompetanse og klinisk erfaring er nødvendig for å oppnå eit optimalt resultat. Behandlingar av denne typen krev at tannlegen har omfattande trening i kompliserte prosedyrar for å gje pasienten forutsigbare og langvarige løysingar.

  • Vi utarbeider behandlingsforslag og gjev gjerne rettleiing og råd
  • Vi tek gjerne imot kompliserte tilfelle, der vi må samarbeide med andre spesialitetar om behandlingsplanlegging og behandling

Behandlingsbehov

  • Vaksne pasientar med behov for fast og/eller avtakbar protetikk
  • Born med agenesi av ei eller fleire tenner, og med behov for protetisk erstatning (permanent eller midlertidig)
  • Pasientar med traumeskada tenner med behov for protetisk løysing
  • Pasientar med grav erosjon/attrisjon
  • Pasientar med kjeveleddsproblem
  • Implantatutgreiing og behandling av kasus som egnar seg med omsyn til helse, tannhelse og økonomi

Kontaktinformasjon ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland:

Telefon: 55 58 37 90

Tilvisingsrutinar for protetikk

Pasientar som har behov for spesialistbehandling i protetikk, skal tilvisast til Tannhelsetenesta
kompetansesenter Vest/Hordaland.

For private tannlegar

Fullstendig tilvising kan sendast til:

Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland
Postboks 2354 Hansaparken
5867 Bergen

Tilvisinga må innehalde:

  • navn, adresse, telefonnummer, og fødselsnummer. 
  • relevante kliniske og anamnestiske opplysningar
  • klinisk diagnostisk problemstilling
  • opplysningar om evt. trygdefrefusjon

For tilsette i Tannhelsetenesta i Hordaland

Tilvising kan sendast som e-post med journalnummer på pasient, med ei kort problemstilling til:

TKV.Hord@hfk.no

I Opus lagar tilvisande tannlege klar fullstendig tilvisning.