Periodonti

Periodonti er læra om tannkjøttsjukdomar.

Kva er periodonti? 

Dei vanlegaste sjukdommane er gingivitt (tannkjøttsbetennelse) og marginal periodontitt (tannfestesjukdom). Utbreiinga av desse sjukdommane i den vaksne befolkninga er betydeleg.

Hjå størstedelen av befolkninga kan sjukdommen behandlast, men omkring 10 prosent utviklar ei meir alvorleg, form som ofte fører til tanntap. Årsaka til marginal periodontitt er opphoping av bakteriar (biofilm) på tannoverflata som i samspel med immunologiske faktorar, arv og miljø startar ein nedbrytingsprosess.

Behandling

Gingivitt

Gingivitt er den mildaste forma for periodontal sjukdom. Den fører til at tannkjøttet blir raudt, hovent og blør lett. Studiar har vist at mikroorganismar i plakk fører til gingivitt og at det ofte er forårsaka av utilstrekkeleg munnhygiene. Desse studiane har også vist at gingivitt er reversibel med profesjonell behandling og god munnhygiene. Tannreingjering er ein viktig del av det førebyggjande arbeidet. Betennelsen held seg i overflata, og tennene sitt festeapparat vert ikkje øydelagt. 

Periodontitt

Periodontitt kan opptre i alle aldrar, men førekjem hyppigast hjå eldre vaksne. Det er påvist at  det er dentalt plakk som initierer gingivitt, medan det er arvelege forhold og pasienten sitt immunforsvar, som bidreg til og definerer, om det skjer ei utvikling mot periodontitt, med tap av tannfeste og beinvev. Periodontitt er ein langsamt progredierande sjukdom, der ein ofte ser ein korrelasjon mellom plakk/bakteriar og kliniske funn. 

Dei fleste tilfelle av periodotalsjukdomar skuldast at pasienten ikkje held tennene sine ordentleg reine. Dermed er det første behandlingsvalget profylakse. 

Studiar viser at for dei fleste former for periodontitt er det primære behandlingsalternativet mekanisk reingjering av rotoverflatene (tannlege/tannpleier), kombinert med grundig dagleg munnhygiene og regelmessige kontrollar. Behandlinga er teknisk og motivasjonskrevande, men gjev vellykka resultat hjå 90–95 prosent av pasientane.

Det er fleire faktorar som kan bidra til tannkjøttbetennelse, inkludere røyking, genetisk disposisjon, systemiske sjukdomar (diabetes), stress, utilstrekkeleg ernæring, pubertet, hormonelle svingingar, graviditet, rusmisbruk, HIV-infeksjon og bruk av medisinar.

Talet på pasientar med implantat til erstatning for tapte tenner er aukande. Infeksjonar kan også oppstå i støttevevet rundt implantata. Årsakene reknast å vera dei samme som for gingivitt og periodontitt og krev omfattande behandling.

Kontaktinformasjon ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland:

Telefon: 55 58 37 90

Tilvising til periodonti

Pasientar som har behov for spesialistbehandling i periodonti, skal tilvisast til Tannhelsetenesta sitt kompetansesenter Vest/Hordaland.

For private tannlegar

Fullstendig tilvising skal sendast til:

Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland
Postboks 2354 Hansaparken
5867 Bergen

Tilvisinga må innehalde:

  • Pasienten sitt navn, adresse, telefonnummer, og fødselsnummer. 
  • relevante kliniske og anamnestiske opplysningar
  • klinisk diagnostisk problemstilling
  • opplysningar om evt. trygdefrefusjon

For tilsette i Tannhelsetenesta i Hordaland

Tilvising kan sendast som e-post med journalnummer på pasient, med ei kort problemstilling til:

TKV.Hord@hfk.no

I Opus lagar tilvisande tannlege klar fullstendig tilvisning.