Pedodonti

Barnetannlege for barn og unge med spesielle tannbehov.

Kva er pedodonti?

Spesialistar i pedodonti er utdanna til å ta hand om barn og ungdom som har behov for spesiell kompetanse innan tannhelse (barnetannlege).

Behandling 

Pedodontisten har også kunnskapar og ferdigheiter innan tilgrensa fagområde, som pediatri, barnepsykologi, helsepedagogikk og farmakologi. Pedodontistane er derfor godt skikka til å vera rådgjevarar og vegleiarar for allmenntannlegar i forbindelse med kompliserte og sjeldne kasus. Det kan vera å håndtere komplekse orale tilstander, takle vanskeleg adferd i forbindelse med tannbehandling, ivareta munnhelse hjå alvorleg sjuke og funksjonshemma, og å planlegge og koordinere tverrfagleg behandling hjå krevjande pasientgrupper.

Vi kan utføre behandlingar i sedasjon og/eller med lystgass. Pasientar med særlege kompleks behandlingsproblematikk kan ha behov for å gå til behandling over ein lengre periode.

Pasientar som det er aktuelt å tilvise til spesialist i pedodonti:

  • sjelden medisinsk tilstand
  • tannutviklingsforstyrrelsar: diagnostisering og behandling
  • kirurgi på barn og ungdom
  • alvorleg kariessituasjon i kombinasjon med andre problem og behandlingsproblem av psykologisk art.
  • alvorlige traumer og etterfylgjande komplikasjonar
  • tap av tannsubstans, inkludert born og ungdommar med spiseproblematikk.
  • fysiske funksjonshemmingar/sjukdommer. For  eksempel born og ungdommar med hjertesjukdom og Down syndrom
  • psykiske funksjonshemminger/handikap inkludert utviklingsforstyrrelsar av ulik grad og oralmotoriske problem. I denne gruppa inngår også barn med nevropsykiatriske diagnosar (for eksempel autisme), og problem med verbal kommunikasjon
  • utredning og behandling av TMD (Temporomandibulær dysfunksjon). 

Kontaktinformasjon ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland:

Telefon: 55 58 37 90

Tilvising til pedodontist

Pasientar med behov for pedodontibehandling, skal tilvisast til Tannhelsetenesta sitt kompetansesenter Vest/Hordaland.

Tilvisinga må innehalde:

  • Pasienten sitt navn, adresse, telefonnummer, og fødselsnummer
  • Relevante kliniske og anamnestiske opplysningar
  • Klinisk diagnostisk problemstilling
  • Opplysningar om evt. trygdefrefusjon

For private tannlegar

Fullstendig tilvising kan sendast til:

Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland
Postboks 2354 Hansaparken
5867 Bergen

For tilsette i Tannhelsetenesta

Tilvising kan sendast som e-post med journalnummer på pasient, med ei kort problemstilling til: TKV.Hord@hfk.no

I Opus lagar tilvisande tannlege klar fullstendig tilvising.