Forsking

Vi forskar for å betre tannhelsa og for å gje eit betre tannhelsetilbod for framtida.

Forskingsavdelinga ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland har som mål å drive klinisk, praksisnær odontologisk forsking og tenesteforsking innan tannhelsetenesta. I tillegg til forskarar jobbar det også PhD-studentar og tannlegar under spesialisering ved TkVest/Hordaland.

Sjå strategiplan for forsking i TkVest

Forskingsprosjekt

Oral helsekunnskap, holdningar og praksis blant foreldre med innvandrarbakgrunn i Norge

Studere kunnskap, haldningar og åtferd relatert til tannhelse blant innvandrarmødre med nyfødde born (0-3 månader), der ein skal gjennomføre eit informasjonsprogram for å auke mødrene sine kunnskapar. Arbeidet vert gjennomført i samarbeid med helsestasjonar.

Karies i Sør tannhelsedistrikt i Hordaland

Kartlegging av tannhelsestatus, karies risikovurdering, haldningar og åtferd blant born og unge (5-, 12-, og 18-åringar) i distrikt Sør i Hordaland.

Tannhelse og barnevern – samhandling til beste for barnet

Studere tannhelsepersonell si meldeplikt ved mistanke om born som har vorte utsett for omsorgs-svikt. Prosjektet evaluerer tannhelsepersonell si erfaring med samarbeid med barnevernet og vil prøve å påpeike suksessfaktorar som kan gjere at meldeplikta blir overhalde. Prosjektet er nasjonalt og er eit PhD-prosjekt.

Intra-oral injection-phobia in children and adolescents Prevalence, subgroups and the effect of cognitive behavioral treatment (CBT)

Phd-prosjekt som skal kartleggje førekomst av høg grad av frykt for intraorale injeksjonar hjå born og ungdom, og effekten av kognitiv åtferdsterapi hjå born og unge diagnostisert med intraoral injeksjonsfobi.

Konsentrasjon av bisfenol A i spytt og urin etter fyllingsterapi med plastbaserte tannmaterialar

Formålet med Phd prosjektet  er å få kunnskap om konsentrasjonen av bisfenol A i spytt og urin hjå individ før og etter fyllingsterapi med plastbasert materiale.          

Tannskadar - prevalens og risikofaktorar i eit livsløpsperspektiv

Formålet med studien er å undersøkje forekomst av tannskadar blant 16-åringar i vidaregåande skular i Hordaland og identifisere risikofaktorar for tannskadar i populasjonen.

Tannhelse og tannbehandling for personar med langvarige psykiske lidingar

Studere tannhelse og bruk av tannhelsetenester hjå personar med langvarig psykisk sjukdom. Studien vil bli utført i samarbeid med kommunal helseteneste i Stord kommune. Prosjektet vil og utgreie eit tannhelsetilbod i tråd med brukaren sine ønskjer.

Tannlegen og pasienten: Ei oppfølgingsstudie av pasientar som har gjennomført behandling av odontofobi (tannbehandlingsangst)

Studien undersøker i kva grad pasientar  etter avslutta odontofobibehandling ved Senter for odontofobi i Bergen meistrar vanleg tannbehandling, samt korleis dei har erfart overgangen til ordinær tann-behandling.

Tann og okklusjonsavvik hjå 6 år gamle barn med leppe-kjeve-ganespalte

I studien har ein undersøkt førekomst og fordeling av ulike tann og okklusjonsavvik ved ulike spalte-variantar hjå 6 år gamle born, som har vorte kontrollert av vårt spalteteam ved TkVest/Hordaland i ein 10-årsperiode.

Orale manifestasjonar ved polyendokrint syndrom, type 1 (APS1)

Hensikta med denne kliniske studien er å kartleggje orale manifestasjonar i pasientar med APS-type1 syndrom. APS 1  er kjenneteikna av polyendokrin svikt, kronisk mukokutan candidiasis og ektodermale symptom. Prosjektet er ein del av eit større prosjekt omkring APS1, i regi av Helse-Vest.

Kontaktinformasjon

Telefon: 55 58 37 90

Årstadveien 21, 3. et.
(Overlege Danielsens hus)