Endodonti

Rotbehandling og dental kirurgi

Kva er endodonti?

Endodonti (rotbehandling) er førebygging og behandling av infeksjonar i tenner og omkringliggjande kjevebein.

Behandling

Hensikta med rotbehandling er å oppretthalde tanna sin funksjon ved å fjerne betent og/eller infisert vev i rotkanalen, samt å forebyggje vidare spreiing av infeksjonen til omliggjande kjevebein.

Sjølve behandlinga er i dei aller fleste tilfelle smertefri. Det er vanleg at tanna kjennes litt øm nokre dagar etter behandlinga. I sjeldne tilfelle kan det inntreffe akutte symptom, men dette vil ikkje ha innvirking på prognosen.

Rotbehandling kan vera både tidkrevande og vanskeleg. Dette skuldast at røtene i mange tilfelle har fleire kanalar, er bøgde eller kan ha forkalkningar som er til hinder for den desinfiserande utrensinga.

Spesialistbehandling med avansert teknisk utstyr som til dømes mikroskop er nødvendig for optimal behandling. I nokre tilfelle vert det supplert med eit kirurgisk inngrep for å fjerne den infiserte rotspissen, der konvensjonell behandling ikkje har gitt forventa resultat.

Rotbehandling er i dag ei hensiktsmessig og sikker behandlingsform. Prognosen er god med eit vellykka utfall på opptil 80-95%. Det er viktig at den rotbehandla tanna blir forsegla med ei tett fylling eller krone. Dette hindrar at bakteriar kjem ned i rotkanalane igjen, med ein eventuell ny infeksjon som resultat. Etter avslutta behandling hjå rotfyllingsspesialisten må pasienten få restaurert tannkrona.

Kontaktinformasjon ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland:

Telefon: 55 58 37 90

Tilvising til endodonti

Pasientar som har behov for spesialistbehandling i endodonti, kan tilvisast til Tannhelsetenesta
kompetansesenter Vest/ Hordaland.

For private tannlegar

Fullstendig tilvising kan sendast til:

Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland
Postboks 2354 Hansaparken
5867 Bergen

Tilvisinga må innehalde:

  • pasienten sitt navn, adresse, telefonnummer, og fødselsnummer. 
  • relevante kliniske og anamnestiske opplysningar
  • klinisk diagnostisk problemstilling
  • opplysningar om evt. trygdefrefusjon

For tilsette i Tannhelsetenesta i Hordaland

Tilvising kan sendast som e-post med journalnummer på pasient, med ei kort problemstilling til: TKV.Hord@hfk.no

I Opus lagar tilvisande tannlege klar fullstendig tilvisning.