Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland

Vi tilbyr spesialisttannbehandling og gjev eit tilrettelagt tilbud til pasientar som har odontofobi, vore utsett for tortur eller overgrep. Vi driv rådgjevingstenester, kursverksemd og klinisk, praksisnær forsking.

Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland (TkVest/Hordaland) er eit av seks regionale kompetansesentre i odontologi. 

Senteret har desse oppgåvene, definert av Helse og omsorgsdepartementet:

  • tilby spesialisttannlegetenester
  • drive rådgiving overfor ei samla tannhelseteneste
  • bidra til spesialistutdanning av tannlegar
  • drive forsking og fagleg utvikling i tannhelsetenesta
  • drive etterutdanning av tannhelsepersonell

Kompetansesenteret gir og eit tilrettelagt tannbehandlingstilbud til born, ungdom og vaksne med angst for tannbehandling og sprøyteskrekk, torturoffer og overgrepsoffer. Vi driv også Haukeland sjukehus tannklinikk, med eit tilbod til inneliggjande pasientar.

Våre einingar og tenester

Gode eksempel frå TkVest/Hordaland

Når tannlegeskrekken tek overhand

Nokon opplever så sterk tannlegeskrekk at dei utviklar fobi for eigen munn. Heldigvis fins det effektiv behandling. Ein reknar med at omkring 2.5-5 % av den vaksne befolkninga har tannlegeskrekk (odontofobi), og at i tillegg 5-15 % har sterk angst for tannbehandling. For mange har fobien oppstått etter behandling hjå skuletannlegen. Opplevelser av smerte og tap av kontroll er assosiert med utvikling av odontofobi.

Forsking viser at nær 80 prosent av pasientar diagnostisert med odontofobi kan behandlast gjennom kognitiv atferdsterapi utført av spesialopplært tannlege i samarbeid med psykolog. Helsedirektoratet har sidan 2010 iverksett eit stort nasjonalt prosjekt som tilbyr tilrettelagt tannhelsetilbod til personar utsett for Tortur, overgrep og/eller som har odontofobi (TOO-prosjektet). Prosjektet utgår frå dei seks regionale odontologiske kompetansesentra i Norge. Det er etablert TOO-team (tannlege, tannpleiar, tannhelsesekretær og psykolog) i alle fylke. I Hordaland er det TOO-team på Stord, Voss og Frekhaug.

Held kurs i kirurgisk oppdekking

Spesialsjukepleiar Linda Louisa Heggebø ved TkVest/Hordaland held kurs i kirurgisk oppdekking for tannhelsesekretærelevar ved Åsane videregående skole. Når behandlinga medfører kontakt med vev som vanlegvis er sterilt (bindevev, bein og pulpa), skal det gjerast spesiell oppdekking med strenge krav til sterile instrument og utstyr. I forkant er det spesielle krav til handhygiene og handdesinfeksjon. Oral kirurgi og oral medisin er ein av dei sju spesialiseringane innan odontologi. I operasjonsstova er det svært viktig med god orden. Rett type hanskar skal liggje klar, operasjonsfrakker skal takast på korrekt og kirurgiske apparat skal vera sterile og lagt i logisk rekkefølgje.