Klagerettar

Slik går du fram for å klage på utført behandling og manglande tannhelsetilbod.

Klage på utført behandling

Dei fleste klagesaker finn ei løysing lokalt.
Tannhelsetenesta sine tilsette kan óg informere om klageordninga.

  • Kontakt tannlegen/tannpleiaren pr. telefon ved aktuell klinikk som har utført behandinga.
  • Framleis misnøye/spørsmål: kontakt klinikksjefen ved den same klinikken.
  • Skriftleg klage må sendast til klinikksjefen ved den tannklinikken som har utført behandlinga.
  • Ein nyttar vanleg brevform ved skriftleg klage, tannhelsetenesta nyttar ikkje eigne klageskjema.
  • Overtannlege i aktuelt tannhelsedistrikt er sakshandsamar av klagar.

Ankemoglegheit

Om du ikkje vert nøgd med beslutninga av ei klage på utført behandling,
kan avgjerda ankast skriftleg til fylkestannlegen. 
Anke må fremmast seinast 3 veker etter at svar frå overtannlege er motteken.

Anken vert å senda til:
Hordaland fylkeskommune, Tannhelseavdelinga
Postboks 7900, 5020 Bergen.

Klage på manglande tannhelsetilbod

Du kan klage over er at du ikkje får naudsynt hjelp, eller naudsynt hjelp av rimeleg standard.
Denne klageordninga gjeld ikkje med mindre det ikkje er tale om alvorlege feil.

Det ein kan klage over er at ein ikkje får naudsynt hjelp - eller naudsynt hjelp av rimeleg standard. Denne klageordninga gjeld ikkje om ein einskilt diagnose viser seg å vere feil, ei fylling ikkje er perfekt, ein medisin mindre heldig i det einskilde tilfelle o. l., når det ikkje er tale om alvorlege feil.
Ein kan heller ikkje klage over at ein må vente på tur for å komme inn til tannlegen. Klagen må i tilfelle gjelde ulikebehandling eller tenester som ikkje held eit rimeleg minstemål.

Eksempler på døme ein ikkje kan klage på

  • Ein einskilt diagnose som viser seg å vere feil.
  • Ei fylling som ikkje er perfekt.
  • Ein medisin mindre heldig i det einskilde tilfelle o. l., når det ikkje er tale om alvorlege feil.
  • Du kan heller ikkje klager over at du må vente på tur for å komme inn til tannlegen. 

Du kan evt. klage på ulikebehandling eller tenester som ikkje held eit rimeleg minstemål.

Kor skal du sende klagen

Eventuelle klager på manglande tannhelsehjelp slik det er fastsett i 
Lov om tannhelsetjenesten skal sendast skriftleg til:
Fylkestannlegen i Hordaland
Postboks 7900
5020 Bergen 

Ankemoglegheit 

Går avgjerda imot klagaren eller klagen vert avvist av fylkestannlegen, kan avgjerda ankast til:
Fylkesmannen i Hordaland, Helseavdelinga, 
Statens hus, Kaigt. 9, 
Pb. 7310, 5020 Bergen.

Klage på vedtak frå NAV i trygdesaker

Klage på vedtak i trygdesaker må rettast til NAV. Avgjerda kan verte klaga vidare til Rikstrygdeverket. 

Unnatak, reglar om dette står i Lov om folketrygd sin § 21-12, «Klage og anke i trygdesaker». Det lokale Nav-kontoret kan vere til hjelp med dette.