Andre pasientrettar

Innsynsrett og andre rettar du har som pasient.

Innsynsrett
Pasient har rett til innsyn i eigen journal,  jamfør:

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 5-1.

Kva andre rettar har du til stønader

  • Sjukdommar og diagnosar – gratis eller støtte frå folketrygda.
  • Når behovet for tannbehandling skuldast ein av fleire definerte sjukdommar eller tilstander, kan det  likevel bli gitt støtte/trygd/stønad frå folketrygda. 

Kven har slike retter og kva må du sjølv gjere

Det er tannlegen som tar stilling til om du har rett på slik støtte. Kontakt behandlaren din for å høyre om du har slike rettar.
Les meir på : Regelverk og takster for tannlege og tannpleiar

Folketrygden si stønad til dekning av utgifter til tannbehandling

Sjå "stønad til dekning av utgifter til tannbehandling 2016" Rundskriv 1-8/2015

Stønad til tannbehandling i følgje Helse-og omsorgstenestelova

Kven har slike rettar: 
Individ som i lengre eller kortare periodar har problem med økonomien, kan kontakte sosialkontoret sitt for å få økonomisk hjelp. På same vis som ein i visse høve kan få hjelp med husleiga, vil ein kunne få hjelp til utgifter med tannbehandling.
Det er individet sine inntekter og utgifter som vil vere avgjerande for om stønad vert gitt.

Kva må du sjølv gjere

  • Sosialkontora/NAV er ulikt organisert i kommunane. Det same gjeld framgangsmåten for å få stønad til tannbehandling. I alle høve er det ein føremon å kontakte eige
    sosialkontor/NAV før ein kontaktar og gjer avtalar med ein tannlege, i dei høve ein trur sosialkontoret kan vere til hjelp.
  • Til dømes vil det i nokre kommunar vere slik at sosialkontoret først skal gje tilsegn om at stønad til tannbehandling kan vere aktuelt, og kostnadsoverlaget etter det skal vere utarbeidd av ein offentleg tilsett tannlege.
  • Klage på vedtak gjort av sosialkontoret vil og bli behandla ulikt i kommunane avhengig av organiseringa av tenesta, og kva som er delegert frå politikarane til administrasjonen.