Tannklinikkar, tenester og pasientrettar

Hordaland fylkeskommune skal fremje tannhelsa til befolkninga i fylket. Tannhelsetenesta skal sørgje for naudsynt førebygging og behandling. Vi skal spreie opplysning om og auke interessa for kva den enkelte sjølv og allmenta kan gjere for å fremje tannhelsa.

Tannhelsetenesta skal bidra til at den enkelte best mogeleg kan bevare si tannhelse livet ut, og yte tannhelsetenester til befolkninga  av god kvalitet i rimeleg nærleik til der dei bur.

Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år, og skal sørgje for at alle som bur eller midlertidig oppheld seg i fylket har rimeleg tilgong til naudsynte tannhelsetenester.

Vi behandlar psykisk utviklingshemma, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode.

Informasjon

Oversikt over dine rettigheter, moglegheit for frikort, prisar og tannklinikkoversikt.

Dei gode døma

Ein moderne tannklinikk

Årstad tannklinikk er ein av våre mest moderne tannklinikkar i fylket.
Her kan 14 pasientar få behandling samstundes.
Tannklinikken har både mobil og fastmontert heis for rullestolbrukarar, og elles flott, moderne teknisk utstyr.
Tilbakemeldingar vi får frå pasientar, seier oss at dei er svært nøgde med interiør og lokalitetar,
ikkje minst trivelege tapetar med fuglemotiv på alle behandlingsromma.
Tannklinikken er også utstyrt med eige kvilerom for pasientar som vert medisinert før behandling, 
seier klinikkleiar Martha Sørensen.