Tannlegevakten

Tannlegevakten for Bergen og omliggjande kommunar skal yte akutt hjelp når dette er naudsynt.

Adresse:
Solheimsgaten 18, inngang B. 

Telefon:
57 30 31 00

Ordinære opningstider: 

Måndag - fredag:   18.00 - 20.30
Laurdag - søndag:  15.30 - 20.30

Informasjon og råd

Her finn du meir informasjon om tannlegevakten, tannskade og prisliste for behandlingar.

Eit godt eksempel

Tannlegevakten redda dagen for Selma

– Eg er glad det er over, seier Selma Konstanse Solberg (9). Ho hadde vondt i ei tann som måtte trekkast. Først var ho to og ein halv time hos tannlegen sin, før ho vart sendt til den nye tannlegevakten i Bergen. Der overtok tannlege Sivapiran Amirthalingam. Etter å ha teke røntgen av tanna og gjeve jenta lokal bedøving, fjerna han det som stod att av tanna på under 10 minutt. Selma strålte då den vonde tanna endeleg var ute.

Klinikkleiar ved tannlegevakten, Tom Bagaas, forklarar kvifor det gjekk så greitt å behandle Selma.
– Vi har svært flinke og erfarne tannlegar ved tannlegevakten. Dei har lang erfaring mellom anna med å trekke tenner, fjerne betennelse og ta vekk smerte. Alle som jobbar her, er tilsett ved offentlege tannklinikkar i fylket og kan søkje på å jobbe ved tannlegevakta i tillegg. Det er dei mest erfarne tannlegane som får jobbe her, seier han.