Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Design og handverk

Design og handverk er ei yrkesfagleg utdanning. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære eller ta læretida på skule. Du kan òg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Design og handverk, Vg1 


Skulen har ei klasse med til saman 15 elevplassar på Vg1, Design og handverk.

Med Design og handverk kan mellom andre, desse yrka vere aktuelle:

> aktivitør, blomsterdekoratør eller frisør
> urmakar, gull- eller sølvsmed
> buntmakar, bunadstilverkar eller kjole- og draktsyar
> møbelsnikkar, treskjerar eller orgelbyggar
> keramikar, skomakar eller smed
> interiørkonsulent eller utstillingsdesignar 

I første klasse lærer du grunnleggande kunnskapar om komposisjon, form og fargelære, teikning og HMS. Du lærer å nytte ulike teknikkar, verktøy, maskiner og materialar.  Du vil arbeide med alle fasar i ei produktutvikling frå ideutvikling, planlegging, gjennomføring og vurdering,  til presentasjon av produktet. Programfaga skal gi deg erfaring med entreprenørskap, utvikling og produksjon av handverksprodukt på eit grunnleggande nivå.

I delar av skuleåret vil du gjennom skulen få praksisperiodar ute i ulike bedrifter innan Design og handverk.   Dette kan vere organisert enten som ein dag i veka eller i periodar (t.d. over to veker).

Kvifor velje Design og handverk ?


Er du kreativ ?  Ynskjer du å arbeide med kreative handverksfag – frå idé til ferdig produkt? Ynskjer du å utvikle dine skapande evner og din estetiske kompetanse? Då kan Design og handverk vere det rette for deg.

Frisør, Vg2 


Skulen har ei klasse med til saman 15 elevplassar på Vg2, Frisør.

Skulen har ein eigen frisørsalong, og elevane i andre klasse (Vg2) vil kunne nytte denne til fagopplæring med spesialisering som frisør.


Innan Frisørfaget vil du arbeide med visuelle hjelpemiddel og eksperimentere med teknikkar innanfor hårdesign.   Det vil også vere sentralt med god kommunikasjon med kundar i kunde-konsultasjon.  Bruk av verktøy, material og val av ulike løysingar knytt til "hår" og "makeup", står sentralt i frisørfaget.  HMT (helse, miljø og tryggleik) er også viktige element i faget.

Du vil i periodar på Vg2 vere ute i praksisbedrift innan faget.   Denne kontakten med ulike bedrifter kan vere med på å gje deg læreplass.   Du kan då etter at du er ferdig på skule, få deg lærekontrakt og seinare svennebrev som frisør.

Frisørsalongen, timetinging:

Frisørane på Voss vidaregåande skule, avd. Vatle tek i mot kundar på ulike dagar gjennom skuleåret.  Når skuleåret er i gang vil det bli klart kva dagar dette blir.      

Frisørane tilbyr rimelege behandlingar og ei hyggeleg oppleving.  Dei håpar du vil ta turen innom på avd. Vatle, adresse Furevegen 15. 

Vilbli.no Søk skuleplass

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall - Design og handverk Vg1 Timetall - Frisør Vg2 Timetall - Blomsterdekoratør Vg2
Sum timetall per uke 35 35 35
Engelsk 3 2 2
Kroppsøving 2 2 2
Matematikk 3 0 0
Naturfag 2 0 0
Norsk 2 2 2
Samfunnsfag 0 3 3
Frisyredesign 0 5 0
Kvalitet og dokumentasjon 5 0 0
Produksjon 12 12 12
Produktutvikling 0 0 5
YFF 6 9 9

Første året

DH09.jpg

Vg1 - Design og handverk

I løpet av Vg1 Design og handverk, vil du bli kjent med fleire yrke, og du får arbeide praktisk med oppgåver innan dei ulike yrke som ligg under Design og handverk. Du treng ikkje å vere flink til å teikne for å starte på Design og handverk, men du må like å bruke hendene dine til praktisk arbeid og du må ha lyst til å lære.  Du får opplæring i komposisjon, form og farge, teikning og teknikkar. Dersom du allereie no veit kva du vil bli, kan du fordjupe deg i ditt fagområde.

Andre året

Frisør06.jpg

Frisør

Som frisør er du i dagleg nærkontakt med kunden.  Det er derfor ein fordel om du er sosial, har god kommunikasjon og vilje til å arbeide med alle typar av menneske med respekt.  Har du desse eigenskapane, er arbeidet som frisør eit svært sosialt og gjevande yrke.

Frisør er eit Vg2 kurs i andre klasse i den vidaregåande skulen.  Etter to år i skule kan du søkje læreplass som frisør i ei bedrift og dette kan føre fram til svennebrev.   Du kan etterutdanne deg, og som frisør kan du bli stylist, seljar eller du kan starte eigen salong.  I faget Frisør arbeider vi mellom anna med tema som; klipp av hår, design, farge, "makeup", fletting av hår, brudepynt og HMT (helse, miljø og tryggleik).

Ut i lære:

På yrkesfag er det normalløp med 2 år i skule og 2 år i lære.  Du kan derfor søkje læreplass i godkjente lærebedrifter etter at du er ferdig i 2. klasse.   For elevar  på yrkesfag er det også mogleg å velje påbygging til studiekompetanse i 3. klasse.  

Lurer du på korleis du søkjer læreplass eller kva som er godkjente lærebedrifter? Informasjon om dette finn du ved å følge lenkja Bli lærling under. Læreplass søkjer du på vigo.no.

ansvarlege personar :

Fagansvarleg: Profilbilde av Hilde Marie Kårbø

Hilde Marie Kårbø

Send e-post
Faglærar, Frisørfag Profilbilde av Ingunn Raad

Ingunn Raad

Send e-post