Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Skulehelsetenesta

Skulehelseteneste, helsesyster, fysioterapeut og fastlege ved Voss vidaregåande skule

Helsesyster:

Voss vidaregåande skule har kommunepsykolog Ingvild Sjømæling Dybwik med fast trefftid (kontor i 2. høgda på Vatletun):

Avd. Vatle: Måndag kl 0900 - 1200, kvar måndag.

Eksempel på kva det kan vere aktuelt å snakke om:

> Livsstil: søvn, fysisk aktivitet, kosthald, tobakk og rusmidlar
> Kroppslege plager
> Psykiske vanskar, som depresjon, angst eller sinne
> Konsentrasjonsvanskar, lærevanskar
> Spørsmål om seksualitet
> Prevensjonsrettleiing og resept på "p-piller"
> Vektvanskar, vanskelege forhold til mat og inntak av næring
> Vanskelege heimeforhold, eller utfordringar med nokon i familien
> Rusmiddelbruk hjå deg sjølv eller nokon du kjenner
> Bruk av "anabole steroider"
> Utsatt for (eller vitne til) vald eller overgrep
> Vanskar med å bu i Norge

Helsesyster kan kontaktast utanom den fast trefftida på mobilnummer
97 99 71 09, eller på telefon 56 53 30 40. Helsesyster har også oppretta eiga informasjonsside på It's Learning. 

Psykolog:

Voss vidaregåande skule har psykolog-tjeneste i fellesskap med Rogne, Voss Husflidsskule og Voss Gymnas.  Han heiter Stian Jordan.  Elevar kan få tilvisning til psykolog via helsesyster eller rådgjevar.   Skulepsykologen har kontorplass på Voss Gymnas, måndagar og tysdagar.  Han vil ta ein runde i alle klassar og presentere seg sjølv.

Skulelege: 

Ottar Fjose, telefon 56 53 03 70
Vangstunet legesenter,  Vangsgata 27

Helsestasjon for ungdom: Open måndagar kl. 15 -  17.  Helsestasjonen held til ved og har inngang bak ”China House”. Her treffer du helsesyster og turnuslege. Telefon 99207117 eller 99207121.

Nettside; link til Helsestasjonen si webside finn du under denne tekstblokka.

Helsesyster har teieplikt. og kan hjelpe vidare til fastlege eller annan instans når eleven er einig og etter behov.  Helsesyster samarbeider med skulen i ressursteammøte, med kontaktlærarar, elevinspektør og rådgjevarar.  Helsesyster kan gje råd og vere pådriver i saker som påverkar elevane si helse og trivnad på skulen.  

Tid hjå helsesyster reknast ikkje som fråvære når det er dokumentert.

Fysioterapeut:

Elise Boysen: Telefon 56521505, mobiltelefon 918 74 203. Helsesyster eller skulen kan òg formidle kontakt. Fysioterapeut i vidaregåande skule arbeider med tiltak som skal førebyggja helseplager hos dei unge ved vurderingar, rettleiing og tilrettelegging. Voss vidaregåande skule har ein lege som er tilknytta skulen og som elevane kan vende seg til når dei treng det.  Skulelege er Ottar Fjose og han har kontor i Vangsgata 27. Elevar som har fastlege på Voss,  skal nytte eigen fastlege.
Dei som ikkje har fastlege på Voss, kan nytta skulelege Ottar Fjose eller legevakta. Kommunelegane har kontor på: 

Helseavdelinga, Uttrågata 15, telefon 56533060.