Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Skulebiblioteket

Skulebiblioteket

Skulebiblioteket vårt ligg i andre etasje, i undervisningsbygget.   Du kan bruke biblioteket i skuletida, og du kan benytte det som ein stad å lese, låne bøker, lese tidsskrift og anna læringsmateriell.   For aktivitetar elles er det på biblioteket eit sjakkbrett som elevar og lærarar kan bruke.

Biblioteket er ope i heile skuletida, men det vil ikkje i periodar vere ein bibliotekar til stades.  Treng du hjelp i biblioteket må du derfor kontakte kontorpersonalet på skulekontoret.  

Årsaka til at vi ikkje har eigen bibliotekar er at vi er i ein overgang med samanslåing av 5 skular til 2 nye skular på Voss.

Ut- og innlevering av bøker

Alle bøker og materiale som blir teke ut av biblioteket må fyrst registrerast i biblioteksystemet. Det er viktig at du som låner bøker tek godt vare på dei bøkene du låner.

Fagbøker som du får utdelt ved skulestart er du personleg ansvarleg for,  og det er viktig at du ikkje "byter" bok med andre i klassen. Fagbøker som ikkje er innlevert etter endt skuleår, blir du fakturert for. 

Du kan direkte søke etter bøker i biblioteket ved å nytte linken "Søk etter bøker" .



TilPublBibl.jpg