Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Rådgjeving/OT/PPT

Rådgjevarar og OT og PPT samarbeider for at du skal trivast på skulen og ha det godt i skulekvardagen! OT/PPT hjelper deg med tilrettelegging av undervisning, og Rådgjevararar gjev deg rettleiing innan utdanning - og yrkesval.

Om Rådgjevartenesta:

Ta kontakt med rådgjevar òg når du ynskjer å få hjelp til:

> opplysningar om ulike utdanningsvegar
> hjelp til søknad om lån/stipend
> hjelp til søknad på ulike skular

For neste skuleår har skulen ein rådgjevarar:  Gro-Marie Samland

Gro-Marie Samland er rådgjevar på Vatle. Ho har kontor i 2. høgda på Vatle og kan treffast der i kontortida eller på telefon 56 53 22 00 eller direkte 56 53 22 18.

Rådgjevar vil yte hjelp til elevar, foreldre/føresette, lærarar og andre i ulike saker. Kontakt med rådgjevar kan vere aktuelt dersom du får problem på skulen, dersom du ynskjer at rådgjevar skal kontakte skulepsykolog, helse-/sosialvesen, arbeidskontor o.a., eller om du berre ynskjer å ta ein prat.      

Rådgjevar har teieplikt og vil berre etter avtale med elev/føresett gje opplysningar vidare. Rådgjevarar og elevinspektør samarbeider om yrkesorientering. 

 

Rådgjevar, avd. Vatle Profilbilde av Gro-Marie Samland

Gro-Marie Samland

Send e-post

 

 

Pedagogisk – psykologisk teneste (PPT):

På PPT-kontoret kan du få hjelp med ulike problem. Døme på tema du kan få hjelp til er :

> vanskar i skulemiljø/heimemiljø
> personlege og kjenslemessige vanskar
> fagvanskar
> lese- og skrivevanskar
> rusproblem
> seksualitet
> skulefråvær
> overgang grunnskule/vidaregåande skule
> overgang skule/arbeidsliv
> funksjonshemming av ulike slag
> Oppfølgingsteneste (OT)

OT skal arbeide for deg som:

> ikkje har søkt vidaregåande skule
> ikkje tok imot skuleplass
> sluttar i skuleåret
> opplever at det opplæringstilbodet du tok,  ikkje var det rette for deg
> kjem i ein slik livssituasjon at utdanningsvegen din må leggjast om
> ønskjer hjelp i overgangen skule/arbeidsliv
> ønskjer hjelp i overgangen grunnskule/vidaregåande skule

Ta kontakt dersom du lurer på noko eller har behov for informasjon/rettleiing. Fagpersonar ved eit OT/PPT-kontor har teieplikt.  Tiltak blir laga i samarbeid med deg.  Alle tenester ved OT/PPT-kontora er gratis. Det er lettare å hjelpe deg dersom du kjem tidleg med vanskane. 

Felles kontor for PPT/OT finn du i Voss sentrum:

Miltzows Gata 2, 5700 Voss
tlf. 56 51 47 80

Kvar skule har ein OT-kontakt som er bindeledd mellom skulen din og OT. På Voss vidaregåande skule tek du kontakt med Elevinspektør eller rådgjevar. Du har også høve til å ta direkte kontakt med OT og gjere avtale om samtaletid.