Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevrådet/Lånekassa

Elevar kan no søkje om støtte frå Statens Lånekasse:

No kan elevar søkje om støtte frå Lånekassa, for skuleåret, 2016/17, dersom:

- dei har kome inn på førstevalet sitt på vidaregåande skule
- og takka ja til plassen

Elevar som ikkje kome inn på førstevalet sitt, kan søkje frå 1. august.  Vi tilrår desse elevane å vente med å søkje til dei er heilt sikre på kva skule dei skal gå på.  Då slepp dei å søkje om stipend på nytt.

Statens Lånekasse har laga nye filmar og grafiske framstillingar av korleis elevar søkjer om støtte og kva dei kan få i stipend.   Desse kan brukast som illustrasjonar for elevane.   

Informasjonsmateriell til elevar ligg her.


Voss vidaregåande skule, skuleåret 2016/2017

Elevrådet sine arbeidsoppgåver er mellom anna:

> arbeide for at elevane har godt læringsmiljø, gode arbeidsforhold og arbeid for elevane si velferd > representere elevane i skulemiljøutvalet, 2 representantar
> ivareta elevane sine interesser i saker som har med skulemiljøet å gjera
> delta i planlegging og gjennomføring av helse-, miljø- og tryggleiksarbeid
> informera om elevrådet sine saker

Elevrådsstyret, Voss vidaregåande skule:

Når skuleåret er i gang, vil elevrådet bli organisert med:

Leiar:
Nestleiar:
Styremedlem:

Alle klassane er representert med ein representant frå kvar klasse.  Elevrådet vel sjølv eit eige styre.  Elevinspektøren (Endre Sigurdson) organiserer informasjon om elevrådet i starten av skuleåret og innkallar til møte.  I samarbeid med Hordaland fylke vert det kvart år halde eit opplæringsseminar for representantane når elevrådet er valt. 

Informasjon frå Lånekassa:

Nytt om signering av avtale om støtte for elevar under 18 år

Frå neste undervisningsår (2016–2017) kan foreldre til elevar under 18 år få vedtaket om støtte elektronisk og signere digitalt på vegner av barnet digitalt. Elevane skal ikkje lenger signere for stipend, men må framleis signere avtalen dersom dei får lån.

Klikk her for meir informasjon på Lånekassa sine sider.

Vennleg helsing

Statens Lånekasse, Lånekassen