Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiespesialisering

Ønsker du å studere ved universitet eller høgskule? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Me tilbyr

Studiespesialiserande utdanningsprogram som gjer deg kvalifisert til vidare studium ved høgskular og universitet. Du kan ta generell eller spesiell studiekompetanse.

Vg1-året er det felles fag, og du har dei fleste timane saman med klassen din.

På Vg2-året byrjar du velje programfag. Du kan velje å fordjupe deg i fag innan språk, samfunnsfag, økonomi eller innan realfag.

Peikarane under går vidare til meir informasjon om ulike fag du kan velje i.

Realfag Språk, samfunnsfag og økonomi

Kvifor Studiespesialisering?

Har du ikkje heilt avgjort kva utdanning og jobb du vil sikte deg inn mot? I så fall kan studiespesialiserande vera ei god plattform vidare. Du vert godt budd til vidare utdanning, og du kan fordjupe deg i fagområde som du er interessert i - enten du likar språk, samfunnsfag eller ulike realfag.

Realfagskompetanse er sterkt etterspurt av industri, næringsliv og offentlege institusjonar, og kvalifiserer for mange spanande og utfordrande stillingar.

Både språk, samfunnsfag, økonomifag og realfag gjev deg dessutan gode moglegheiter til å påverke og utvikle samfunnet vårt mot ei berekraftig framtid på mange område.

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal: Vg1 Timetal: Vg2 Timetal: Vg3
Sum timetal per veke 30 30 30
Engelsk 5 0 0
Framandspråk 4 4 0
Geografi 2 0 0
Historie 0 2 4
Kroppsøving 2 2 2
Matematikk 5 3 0
Naturfag 5 0 0
Norsk 4 4 6
Programfag 0 15 15
Religion og etikk 0 0 3
Samfunnsfag 3 0 0

Første året

Klasserom.jpg

Fellesfag

På Vg1 er klassen samla i dei aller fleste timar. Unnataka er i framandspråk og i matematikk. Fellesfaga, der klassen er samla, er: norsk, geografi, samfunnsfag, naturfag, engelsk og kroppsøving.

Framandspråk

Framandspråk gjev deg god kompetanse, både i vidare studium og i arbeidslivet. Voss gymnas tilbyr opplæring i spansk, tysk og fransk. Om du ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen må du ta spansk over tre år ved Voss gymnas. Om du hadde framandspråk på ungdomsskulen er det vanleg å fortsette med dette språket i to år på Voss gymnas.

Framandspråk ved Voss gymnas

Matematikk

Du kan velje om du til ta 1P- eller 1T-matematikk. Begge har like mange timar men varierer med omsyn til innhald. P-matten er meir praktisk medan T-matten er meir teoretisk.

Matematikk ved Voss gymnas

Andre året

Kjemi2.jpg

Fellesfag

På Vg2 er klassen samla i fylgjande fellesfag: norsk, historie og kroppsøving.

Framandspråk

Du fortsett med framandspråket du hadde på Vg1.

Framandspråk ved Voss gymnas

Matematikk

På Vg2 er det vanleg å velje 2P-matematikk. Dei som ynskjer å fordjupe seg i matematikk vel programfaget Matematikk R1 (sjå under).

kjemibok_web.jpg

Programfag

På Vg2 vel du programfag. To av desse må høyre til same området (realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi), og du må halde fram med desse på Vg3, og dei vert såleis fordjupingsfaga dine. Til saman vel du tre eller fire programfag.

Du kan velje mellom desse faga:

Realfag

  • Matematikk R1
  • Fysikk 1
  • Kjemi 1
  • Biologi 1
  • Informasjonsteknologi 1

Språk, samfunnsfag, økonomi

  • Historie og filosofi 1
  • Sosiologi og sosialantropologi
  • Økonomistyring
  • Rettslære 1
  • Internasjonal engelsk
  • Medie- og informasjonskunnskap 1

I tillegg tilbyr me programfaget Breiddeidrett.

Tredje året

pennal_web.jpg
Kjemi1.jpg

Fellesfag

På Vg3 er klassen samla i fylgjande fellesfag: norsk, historie, religion og kroppsøving.

Programfag

På Vg3 held du fram med minst to av faga du hadde på Vg2. Det tredje faget kan vera frå eit anna programområde.

Realfag

  • Matematikk R2
  • Fysikk 2
  • Kjemi 2
  • Biologi 2
  • Informasjonsteknologi 2

Språk, samfunnsfag, økonomi

  • Historie og filosofi 2
  • Politikk og menneskerettar
  • Rettslære 2
  • Økonomi og leiing
  • Samfunnsfagleg engelsk
  • Medie- og informasjonskunnskap 2

I tillegg tilbyr me programfaget Breiddeidrett.

Vegen vidare

Etter fullført og bestått 3 år i skule har du fått studiekompetanse og kan du søke opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du òg informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.

Har du ikkje bestemt deg kan du få gode tips på utdanning.no.

Kontakt oss

Avdelingsleiar Studiespesialiserande Profilbilde av Nelly Nora Naasen

Nelly Nora Naasen

Send e-post