Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kunst, design og arkitektur

Har du lyst på generell studiekompetanse og samtidig lære meir om design, formgjeving og visuelle kunstfag? Det kan du på Kunst, design og arkitektur. Den treårige utdanninga fører fram til generell studiekompetanse, og du har dermed sjanse til å ta høgare utdanning på universitet eller høgskule.

Me tilbyr

Du vil møte ein kombinasjon av formgjevingsfag og fellesfag. Programfaga er visuelle kunstfag og design og arkitektur.

I tillegg kjem valfrie programfaga som Trykk og foto, Scenografi og kostyme, Visuell kultur og samfunn.

Kvifor Kunst, design og arkitektur?

Dersom du har lyst å utvikle dine kreative evner samstundes som du får studiekompetanse, er dette eit godt val.

Erfaringa du tek med deg frå dette utdanningsprogrammet, vil vera til god nytte dersom du vil gå vidare med kreativ utdanning. Samstundes er det eit godt utgangspunkt for mange andre yrke, som til dømes lærar, førskulelærar,  politi, sosionom og økonom.

 

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal: Vg1 Timetal: Vg2 Timetal: Vg3
Sum timetal per veke 35 35 35
Engelsk 5 0 0
Framandspråk 4 4 0
Geografi 0 2 0
Historie 0 2 4
Kroppsøving 2 2 2
Matematikk 5 3 0
Naturfag 5 0 0
Norsk 4 4 6
Religion og etikk 0 0 3
Samfunnsfag 0 3 0
Design og arkitektur 5 5 5
Programfag 0 5 10
Visuelle kunstfag 5 5 5

Val av programfag

Du kan velje blant fylgjande programfag:

  • Arkitektur og samfunn
    • I dette faget ser me på miljøvenleg design, materialval og produksjon samt designval som spelar på lag med omgjevnaden
  • Design og berekraft
    • Dette faget har fokus på berekraft. Om du skal arbeide som arkitekt eller designer er det viktig å gjere det på ein miljøvenleg måte. Som forbrukar er det viktig å gjere miljøvenlege val
  • Foto og grafikk 1 og 2
    • I desse faga lærer du å fotografere og å arbeide med ulike grafiske teknikkar
  • Kunst og skapande arbeid
    • Korleis vert kunst nytta som visuelt språk? Me arbeider med korleis kunst påverkar samfunnet og du vil finne ditt eige uttrykk

Første året

Penn og papir.jpg

Fellesfag

På Vg1 er klassen samla i stort sett alle timar. Av ordinære fellesfag skal klassen ha norsk, naturfag, kroppsøving og engelsk.

Framandspråk

Framandspråk gjev deg god kompetanse, både i vidare studium og i arbeidslivet. Voss gymnas tilbyr opplæring i spansk, tysk og fransk. Om du ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen må du ta spansk over tre år ved Voss gymnas. Om du hadde framandspråk på ungdomsskulen er det vanleg å fortsette med dette språket i to år på Voss gymnas.

Framandspråk ved Voss gymnas

Matematikk

Du kan velje om du til ta 1P- eller 1T-matematikk. Begge har like mange timar men varierer med omsyn til innhald. P-matten er meir praktisk medan T-matten er meir teoretisk.

Matematikk ved Voss gymnas

Formgiving

Felles programfag

Kunst og visuelle verkemiddel (Vg1-Vg3)

Dette er faget for deg som likar å gjera kreative ting. Du lærer å teikne og å male og arbeider med ulike material og reiskap. Vidare arbeider me med foto og digitale bilete.

Design og arkitektur (Vg1-Vg3)

I dette faget arbeider klassen som profesjonelle designere og arkitektar. Me får oppdrag frå kunde og skal lage og presentere eit produkt. Det er viktig å gjere godt grunnarbeid (kven, kva, kvifor) og det er viktig å selje ideen til kunden gjennom ein god presentasjon. Faget inkluderer òg ein del historie og teori (byggjemateriale for bygningar, møblar og andre bruksgjenstandar bakover i tid).

Andre året

Design-Handverk av M. Bernhardsen.jpg

Fellesfag

På Vg2 er klassen samla i fylgjande ordinære fellesfag: norsk, samfunnsfag, geografi, historie og kroppsøving.

Framandspråk

Du fortsett med framandspråket du hadde på Vg1.

Framandspråk ved Voss gymnas

Matematikk

På Vg2 er det vanleg å velje 2P-matematikk. Dei som ynskjer å fordjupe seg i matematikk vel programfaget Matematikk R1.

Kunst frå VHS.jpg

Felles programfag

Kunst og visuelle verkemiddel (Vg1-Vg3)

Dette er faget for deg som likar å gjera kreative ting. Du lærer å teikne og å male og arbeider med ulike material og reiskap. Vidare arbeider me med foto og digitale bilete.

Design og arkitektur (Vg1-Vg3)

I dette faget arbeider klassen som profesjonelle designere og arkitektar. Me får oppdrag frå kunde og skal lage og presentere eit produkt. Det er viktig å gjere godt grunnarbeid (kven, kva, kvifor) og det er viktig å selje ideen til kunden gjennom ein god presentasjon. Faget inkluderer òg ein del historie og teori (byggjemateriale for bygningar, møblar og andre bruksgjenstandar bakover i tid).

Kunst1 frå VHS.jpg

Valfrie programfag

Arkitektur og samfunn

I dette faget ser me på miljøvenleg design, materialval og produksjon samt designval som spelar på lag med omgjevnaden.

Design og berekraft

Dette faget har fokus på berekraft. Om du skal arbeide som arkitekt eller designer er det viktig å gjere det på ein miljøvenleg måte. Som forbrukar er det viktig å gjere miljøvenlege val. 

Foto og grafikk 1 og 2

I desse faga lærer du å fotografere og å arbeide med ulike grafiske teknikkar.

Kunst og skapande arbeid

Korleis vert kunst nytta som visuelt språk? Me arbeider med korleis kunst påverkar samfunnet og du vil finne ditt eige uttrykk.

Tredje året

Fellesfag

På Vg3 er klassen samla i fylgjande ordinære fellesfag: norsk, historie, religion og kroppsøving.

Felles programfag

Kunst og visuelle verkemiddel (Vg1-Vg3)

Dette er faget for deg som likar å gjera kreative ting. Du lærer å teikne og å male og arbeider med ulike material og reiskap. Vidare arbeider me med foto og digitale bilete.

Design og arkitektur (Vg1-Vg3)

I dette faget arbeider klassen som profesjonelle designere og arkitektar. Me får oppdrag frå kunde og skal lage og presentere eit produkt. Det er viktig å gjere godt grunnarbeid (kven, kva, kvifor) og det er viktig å selje ideen til kunden gjennom ein god presentasjon. Faget inkluderer og ein del historie og teori (byggjemateriale for bygningar, møblar og andre bruksgjenstandar bakover i tid).

Valfrie programfag

Arkitektur og samfunn

I dette faget ser me på miljøvenleg design, materialval og produksjon samt designval som spelar på lag med omgjevnaden.

Design og berekraft

Dette faget har fokus på berekraft. Om du skal arbeide som arkitekt eller designer er det viktig å gjere det på ein miljøvenleg måte. Som forbrukar er det viktig å gjere miljøvenlege val. 

Foto og grafikk 1 og 2

I desse faga lærer du å fotografere og å arbeide med ulike grafiske teknikkar.

Kunst og skapande arbeid

Korleis vert kunst nytta som visuelt språk? Me arbeider med korleis kunst påverkar samfunnet og du vil finne ditt eige uttrykk.

Kontakt oss

Avdelingsleiar Musikk, dans og drama og Kunst, design og arkitektur Profilbilde av Knut Brunvoll

Knut Brunvoll

Send e-post