Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Service og samferdsel

Er du serviceinnstilt og liker å hjelpe folk? Då kan service og samferdsel vere noko for deg. Du går to år på skule før du held fram som lærling i ei bedrift. Utdanninga fører fram til fagbrev. Du kan òg ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Me tilbyr

Om du vel Service og samferdsel ved Voss gymnas kan du fullføra to utdanningar; anten ei fordjuping innanfor Berekraftig reiselivsutvikling (Vg2 Reiseliv) eller ei fordjuping innanfor IKT-faget (Vg2 IKT-servicefag).

På Vg1 Service og samferdsel fokuserer me på begge desse emna. Du får god opplæring i viktige dataprogram og case/bedriftsbesøk og prosjekt bygger på tema berekraftig reiseliv.

Begge utdanningsretningane fører fram til fagbrev. Du kan òg ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida. Med fagbrev kan du gå rett i jobb eller studere på fagskule og på høgskule med yrkesveg-line.

I skuleåret 2017/18 har Nye Voss gymnas tilbod om følgjande:

  • Vg1 Service og samferdsel
    (året etter kan du velja mellom Vg2 Reiseliv eller Vg2 IKT-servicefag)
  • Vg2 IKT-servicefag
  • Me samarbeider òg med reiselivsnæringa om å utvikle eit nytt og spennande lærlingløp i berekraftig reiselivsutvikling. Her inngår òg eit halvt år med jobbing i utlandet. Ta kontakt om du ynskjer læreplass. 
Vilbli.no Søk skuleplass

Kvifor velje Service og samferdsel ?

Ynskjer du deg eit meiningsfullt yrke og vil så raskt som mogleg ut i arbeidslivet ? Er du serviceinnstilt og god i kommunikasjon? Er du utadvendt og har godt humør? Då er kanskje Service og samferdsel den rette utdanninga for deg.

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall Vg1
Sum timetall per veke 35
Fellesfag, Service og samferdsel 0
Norsk 2
Kroppsøving 2
Matematikk 3
Naturfag 2
Samfunnsfag 0
Engelsk 3
Programfag: 0
Administrasjon og økonomi 6
Marknadsføring og sal 6
Tryggleik og transport 5
YFF 6
Fag og timetall
Fag Timetall Vg1 Timetall Vg2
Sum timetall per uke 0 35
Fellesfag,IKT-servicefag 0 0
Norsk 0 2
Kroppsøving 0 2
Matematikk 0 0
Naturfag 0 0
Samfunnsfag 0 3
Engelsk 0 2
Programfag, IKT-servicefag 0 0
Drift og vedlikehald 0 6
Brukar- og driftsstøtte 0 6
Verksemdsstøtte 0 5
YFF 0 9
Fag og timetall
Fag Timetall Vg1 Timetall Vg2
Sum timetall per uke 0 35
Fellesfag, Reiseliv 0 0
Norsk 0 2
Kroppsøving 0 2
Matematikk 0 0
Naturfag 0 0
Samfunnsfag 0 3
Engelsk 0 2
Programfag, Reiseliv 0 0
Etablering og drift 0 5
Sal og marknadsføring 0 5
Vertskapsrolla 0 7
YFF 0 9

Første året

KlasseRomRLV.jpg

Vg1 Service og samferdsel

Som elev ved Service og samferdsel vil du få kunnskap om korleis ein administrerer og driv ei verksemd. Du får innføring i korleis ein kan kvalitetssikra gode produkt og korleis desse kan marknadsførast.

Du vil også læra å bruka ulike dataprogram og erfara kva god kundehandsaming er. Ein viktig lærearena er ekskursjonar til verksemder i nærområdet. Klassen tek også imot oppdrag frå næringslivet/festivalane på Voss.

Du vil vere ute i praksis både i haustsemesteret og på våren. Om våren er det lagt opp til tre veker samanhengande praksis i Noreg eller i utlandet.

Andre året

IKT2.jpg

Vg2 IKT-servicefag

Eitt år ved IKT-servicefag vil gje deg kunnskap om installering, oppgradering og vedlikehald av datasystem. I tillegg lærer du korleis arbeidsprosessar skal dokumenterast, du lærer korleis du kan lage brukarhandbøker og du vil lære å bruke blogg. Ny teknologi står sentralt i fagområdet og klassen søkjer å halde seg oppdatert på utvikling som skjer innan fagfeltet.

Tett kontakt med næringslivet er viktig, og du vil få vere med på ekskursjonar og bedriftsbesøk. I tillegg tek IKT-klassen oppdrag frå næringslivet på Voss. Også under store sportsarrangement på Voss har klassen vore ein bidragsytar (VM-Freestyle, NM-skiskyting)

Elevstyrt undervisning er også ein viktig del av undervisninga. Dette betyr at klassen utarbeider IKT-kurs for resten av skulen (og andre) og at du som elev står for denne undervisninga.

Både haust- og vårsemester er elevane ute i praksis i faget Yrkesfagleg fordjuping. I den siste terminen (på våren) kan du velje å ha praksis i utlandet. Du søkjer då stipend og kan t.d. reise til Shetland for ein periode på fire veker.

 

Reiseliv.JPG

Vg2 Reiseliv

Som elev på Vg2 Reiseliv vil du oppleva eit oppdatert innhald innanfor eksisterande læreplan. Me tenkjer framtidsretta og dreier innhald i ein meir berekraftig retning. Me vil ha enno meir praktisk undervisning – med dette meiner me at meir undervisning vil bli gjennomført i samarbeid med næringsliv, i naturen og i kulturlandskapet vårt.

Utdanninga søker å fremja elevens kreativitet – å jobba med produkt- og idéutvikling. I tillegg til teori vil elev igjennom praktiske øvingar og oppdrag lære korleis me kan skapa berekraftige reiseliv som bidreg til å skape gode opplevingar for gjestene våre. I studiet lærer me òg mykje om marknadsføring og korleis bruke digitale media i salsarbeidet.
Dersom elev vel å reisa til utlandet i arbeidspraksis får dei språkkurs i eit 2.framandspråk. I læretida kan dette bli ytterligare styrka gjennom praksis i utlandet.
Elevens styrker og interesser (t.d. musikk/festival, naturaktivitet, guiding, kunst, attraksjon, transport), vil vera med på å forma og tilpasse eiga utdanning innanfor læreplanen. Til dømes vil ein kunne tilpasse yrkespraksis/val av bedrift etter kva eleven ynskjer å fokusera på.
I utdanninga vil eleven læra mykje om norsk natur og norsk kulturarv. Voss ligg i eit verdsarvområde, me har fleire UNESCO-attraksjonar i nærleiken og er lokalisert midt mellom verdas to vakraste fjordlandskap. I tillegg har me kulturbyen Bergen like ved. Alt dette vil elevane oppleve som ein del av skulekvardagen.

EKSKURSJONAR OG BEDRIFTSBESØK
Ved Voss gymnas fokuserer me på eit tett samarbeid med reiselivsbedrifter i næringslivet. På Vg2 Reiseliv er elevane på bedriftsbesøk eller har praksis ein dag i veka gjennom skuleåret. Erfaringane frå ekskursjonar tek me med tilbake til klasserommet. Elevane jobbar vidare med problemstillingar før og etter me har vore ute og møtt næringslivet.

INTERNASJONALISERING
Voss gymnas vil legge til rette for at Vg2-elevane får tilbod om fire vekers yrkespraksis i utlandet (i vårsemesteret). I dei siste åra har mange reist til Spania, men me har også samarbeid med Italia, Island og Shetland. Til no har alle som har reist ut vore svært nøgde med opphaldet og har hatt stort læringsutbytte av praksisen.

MERK: Vg2 REISELIV ER IKKJE EIT TILBOD VED VOSS GYMNAS SKULEÅRET 2017-18

 

 

 

Ut i lære:

På yrkesfag er det normalløp med 2 år i skule og 2 år i lære.  Du kan derfor søkje læreplass i godkjente lærebedrifter etter at du er ferdig i 2. klasse.   For elevar  på yrkesfag er det også mogleg å velje påbygging til studiekompetanse i 3. klasse.  

Lurer du på korleis du søkjer læreplass eller kva som er godkjente lærebedrifter? Informasjon om dette finn du ved å følge lenkja Bli lærling under. Læreplass søkjer du på vigo.no.

Kontakt oss

Fagansvarleg, Service- og samferdsel Profilbilde av Guri Våge Mossige

Guri Våge Mossige

Send e-post
Faglærar, IKT-servicefag Profilbilde av Trond Remme

Trond Remme

Send e-post