Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Idrettsfag

Idrettsfag tilbyr idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet på alle nivå. Du kan velje toppidrett og satse på idretten din, eller velje breiddeidrett og eit meir allsidig aktivitetstilbod. Samstundes får du generell studiekompetanse.

Me tilbyr

Eit breitt spekter av fordjupingsidretter som: fotball, handball, freeski/snowboard, alpint, langrenn, skiskyting og kulekjøring.

Vestlandets beste vintertreningsfasilitetar for langrenn/skiskyting, alpint, kulekjøring og freeski/snowboard i umiddelbar nærleik.

Kunstgrasbanar som legg opp til gode treningshøve uansett vêr.

Ny og topp moderne skule med blant anna fullskala basis/turnhall og ny handballhall som du får ta i bruk i ditt tredje skuleår

Generell studiekompetanse, Trenar-2 sertifisering (nokre lineval) og aktivitetsleiarsertifisering.

Høgt kvalifiserte og erfarne trenarar/lærarar

Eit svært godt elevmiljø

Trenere/lærere

Kvifor Idrettsfag?

Om du vil prestere på landets høgste nivå, eller berre er veldig glad i å trene mot ein bestemt idrett, er Voss gymnas skulen for deg. Me fokuserer på progresjon i trening over tid. Me trenar for å kunne trene enda meir. I treningsarbeidet vert dette tilpassa idretten du fordjupar deg i. 

På idrettslina får du trent 10 timar per veke med det du tykkjer er kjekkast, i form av ein fordjupingsidrett. Du får utvikla deg personleg så vel som sportsleg, 

Idrettsteorifaga er kopla opp mot dei praktiske treningsfaga. Det er tett oppfylging mot deg som elev og god dialog mellom trenarar og lærarar om din faglege progresjon.

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal: Vg1 Timetal: Vg2 Timetal: Vg3
Sum timetal per veke 35 35 35
Engelsk 5 0 0
Framandspråk 4 4 0
Geografi 0 2 0
Historie 0 2 4
Matematikk 5 3 0
Naturfag 5 0 0
Norsk 4 4 6
Religion og etikk 0 0 3
Samfunnsfag 0 3 0
Aktivitetslære 5 5 5
Idrett og samfunn 0 2 3
Toppidrett/breiddeidrett 5 5 5
Treningsleiing 2+3 0 3 4
Treningslære 2 2 5

Første året

panoramahamlagrø.jpg
360snowboard.jpg
Skiskyting.jpg
Fotball-vg1.JPG
Ski.jpg

Fellesfag

På Vg1 er klassen samla i stort sett alle timar. Av ordinære fellesfag skal klassen ha norsk, naturfag og engelsk.

Framandspråk

Framandspråk gjev deg god kompetanse, både i vidare studium og i arbeidslivet. Voss gymnas tilbyr opplæring i spansk, tysk og fransk. Om du ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen må du ta spansk over tre år ved Voss gymnas. Om du hadde framandspråk på ungdomsskulen er det vanleg å fortsette med dette språket i to år på Voss gymnas.

Framandspråk ved Voss gymnas

Matematikk

Du kan velje om du til ta 1P- eller 1T-matematikk. Begge har like mange timar men varierer med omsyn til innhald. P-matten er meir praktisk medan T-matten er meir teoretisk.

Matematikk ved Voss gymnas

Idrettsfag

Allereie fyrste året trener du med elever på tvers av klassetrinna, dette skaper eit godt utviklingsmiljø. Du lærer grunnleggjande idrettsteori og får inn gode grunnleggjande treningsrutinar.  Du lærer å trene for å kunne trene.

Du blir godt kjend med medelevar i form av friluftslivsturar. Det vert organisert fotturar i fjellet og kajakkpadleturar. Vidare er der lagt opp til minimum fire treningssamlingsveker, enten innan- eller utanlands.

Programfag idrett, felles.

Aktivitetslære (Vg1-Vg3)

Praktisk fag som inneheld hovudområder som idrettsaktiviteter, basistrening og friluftsliv. På Voss gymnas vert mesteparten av aktivitetslæretimane brukt til trening mot spesial/fordjupingsidretten. Du lære å trene for å kunne trene, og for å kunne prestere inn mot spesial/fordjupingsidretten  Det vil likevel bli nokre emnekurs retta mot andre aktivitetar. Friluftslivområdet er eit eige område som blir gjennomført som overnattingsturar.

Treningslære (Vg1-Vg3)

Teoretisk fag, men med tilknyting og  relevans til dei praktiske faga. I treningslærefaget lærar du kva, korleis og kvifor du skal trene ulike eigenskapar. Dette lærer du i hovudområder som treningsplanlegging, kroppens oppbygging og funksjon, trening og helse, treningsformer og metoder.

Valfrie programfag

Du vel anten toppidrett (fordjuping innan ein idrett) eller breiddeidrett (kombinasjon av to idrettar, til dømes fotball og freeski/snowboard)

Toppidrett (Vg1-Vg3)

Praktisk fag som inneheld hovudområder som treningsplanlegging, basistrening og ferdighetsutvikling. På Voss gymnas er dette faget tett vevd saman med aktivitetslærefaget og føregår for det meste vinterstid for vinteridrettane og sommer/haust for dei andre idrettane.

Breiddeidrett (Vg1-Vg3)

Praktisk fag som inneheld hovudområder som idrettsaktivitetar, basistrening og helse og fysisk aktivitet. I dette faget fordjuper du deg i praksis i to idrettar. Kombinasjonar som er moglege på Voss gymnas er fotball&freeski/snowboard, eller handball&freeski/snowboard

Andre året

sykkelposingfinse.JPG
360ski.jpg
vektersvarte_web.jpg
Fotball-vg2.JPG
Skiskyting liggende.jpg

Fellesfag

På Vg2 er klassen samla i fylgjande ordinære fellesfag: norsk, samfunnsfag, geografi og historie.

Framandspråk

Du fortsett med framandspråket du hadde på Vg1.

Framandspråk ved Voss gymnas

Matematikk

På Vg2 er det vanleg å velje 2P-matematikk. Dei som ynskjer å fordjupe seg i matematikk vel programfaget Matematikk R1.

Idrettsfag

På Vg2 får du to nye idrettsteori fag innen leiing- og instruktørfaget (Treningsleiing) og innan samfunnsfaget (Idrett og samfunn).

Det blir felles friluftstur for Vg2-elevene i form av sykling og fjelltur.

I idrettane vert det lagt opp til ulike treningssamlingar innan- og utanlands. I det daglege treningsarbeidet vert det utvikla endå meir spesifikke eigenskapar for fordjupingsidretten.

Programfag idrett, felles.

Aktivitetslære (Vg1-Vg3)

Praktisk fag som inneheld hovudområder som idrettsaktiviteter, basistrening og friluftsliv. På Voss gymnas vert mesteparten av aktivitetslæretimane brukt til trening mot spesial/fordjupingsidretten. Du lære å trene for å kunne trene, og for å kunne prestere inn mot spesial/fordjupingsidretten  Det vil likevel bli nokre emnekurs retta mot andre aktivitetar. Friluftslivområdet er eit eige område som blir gjennomført som overnattingsturar.

Treningslære (Vg1-Vg3)

Teoretisk fag, men med tilknyting og  relevans til dei praktiske faga. I treningslærefaget lærar du kva, korleis og kvifor du skal trene ulike eigenskapar. Dette lærer du i hovudområder som treningsplanlegging, kroppens oppbygging og funksjon, trening og helse, treningsformer og metoder.

Idrett og samfunn (Vg2-Vg3)

Teoretisk/munnleg fag. Faget tek føre seg korleis idretten påverkar samfunnet og omvendt. Eit refleksjonsfag som set deg i stand til å forstå ulike perspektiv kring idretten i samfunnet, Dette er eit fag som har relevans til samfunnsfag og historie med hovudområde som:  idrett og verdiar, idretten i samfunnet og organisering av idretten.

Treningsleiing (Vg2-Vg3)

Teoretisk/praktisk fag. Faget tek føre seg instruktør- og coachingrolla i idretten. Du lærer å leie, instruere og kommunisere med ulike grupper menneske gjennom ulike aktivitetar og undervisningsmetodar. Det vert jobba med å få på plass sertifisering som aktivitetsleiar og Trener 2 , i lag med treningslærefaget, som kvalifiserer til å jobbe som trener eller aktivitetsleiar. Hovudområda er trener- og leiarrolla, leiing i praksis og arrangement.

Valfrie programfag

Toppidrett (Vg1-3)

Praktisk fag som inneheld hovudområder som treningsplanegging, basistreing og ferdighetsutvikling. På Voss gymnas er dette faget tett vevd saman med aktivitetslærefaget og føregår for det meste vinterstid for vinteridrettane og sommer/haust for dei andre idrettane.

Breiddeidrett (Vg1-Vg3)

Praktisk fag som inneheld hovudområder som idrettsaktivitetar, basistreining og helse og fysisk aktivitet. I dette faget fordjuper du deg i praksis i to idrettar. Kombinasjonar som er moglege på Voss gymnas er fotball&freeski/snowboard, eller handball&freeski/snowboard.

Tredje året

Ski2.jpg
baskeballer_web.jpg
Fotball-vg3.JPG
Ski1.jpg
rallarvg2.JPG

Fellesfag

På Vg3 er klassen samla i fylgjande ordinære fellesfag: norsk, historie og religion.

Idrettsfag

Dei teoretiske og praktiske faga vert endå meir samanvevd. I 2017 står ny skule klar. Denne vil lyfte det teoretiske og ikkje minst dine idrettslege ambisjonar. Turn/basishall og ein heilt ny treningshall kjem på plass.

Felles snøhole-/vinterfriluftslivstur 

I treningsarbeidet blir det felles treningssamlingar både innan og utanlands. I det daglege treningsarbeidet er det eit større fokus på prestasjon i ein fordjupingsidrett.

Programfag drett, felles

Aktivitetslære (Vg1-Vg3)

Praktisk fag som inneheld hovudområder som idrettsaktiviteter, basistrening og friluftsliv. På Voss gymnas vert mesteparten av aktivitetslæretimane brukt til trening mot spesial/fordjupingsidretten. Du lære å trene for å kunne trene, og for å kunne prestere inn mot spesial/fordjupingsidretten  Det vil likevel bli nokre emnekurs retta mot andre aktivitetar. Friluftslivområdet er eit eige område som blir gjennomført som overnattingsturar.

Treningslære (Vg1-Vg3)

Teoretisk fag, men med tilknyting og relevans til dei praktiske faga. I treningslærefaget lærar du kva, korleis og kvifor du skal trene ulike eigenskapar. Dette lærer du i hovudområder som treningsplanlegging, kroppens oppbygging og funksjon, trening og helse, treningsformer og metoder.

Idrett og samfunn (Vg2-Vg3)

Teoretisk/munnleg fag. Faget tek føre seg korleis idretten påverkar samfunnet og omvendt. Eit refleksjonsfag som set deg i stand til å forstå ulike perspektiv kring idretten i samfunnet, Dette er eit fag som har relevans til samfunnsfag og historie med hovudområde som:  idrett og verdiar, idretten i samfunnet og organisering av idretten.

Treningsleiing (Vg2-Vg3)

Teoretisk/praktisk fag. Faget tek føre seg instruktør- og coachingrolla i idretten. Du lærer å leie, instruere og kommunisere med ulike grupper menneske gjennom ulike aktivitetar og undervisningsmetodar. Det vert jobba med å få på plass sertifisering som aktivitetsleiar og Trener 2 , i lag med treningslærefaget, som kvalifiserer til å jobbe som trener eller aktivitetsleiar. Hovudområda er trener- og leiarrolla, leiing i praksis og arrangement.

Valfrie programfag

Toppidrett (Vg1-Vg3)

Praktisk fag som inneheld hovudområder som treningsplanegging, basistreing og ferdighetsutvikling. På Voss gymnas er dette faget tett vevd saman med aktivitetslærefaget og føregår for det meste vinterstid for vinteridrettane og sommer/høst for dei andre idrettane.

Breiddeidrett (Vg1-Vg3)

Praktisk fag som inneheld hovudområder som idrettsaktivitetar, basistreining og helse og fysisk aktivitet. I dette faget fordjuper du deg i praksis i to idrettar. Kombinasjonar som er moglege på Voss gymnas er fotball&freeski/snowboard, eller handball&freeski/snowboard

Vegen vidare

Etter fullført og bestått 3 år i skule har du fått studiekompetanse og kan du søke opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du òg informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.

Har du ikkje bestemt deg kan du få gode tips på utdanning.no.

Kontakt oss

Avdelingsleiar Idrett Profilbilde av Astrid Egge

Astrid Egge

Send e-post
Avdelingsleiar Toppidrett Ski Profilbilde av Knut Steinar Skiple

Knut Steinar Skiple

Send e-post