Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er òg mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

Me tilbyr:

  • Vg 1 helse- og oppvekstfag
  • Vg 2 barne- og ungdomsarbeidarfag
  • Vg 2 helsearbeidarfag
Søk opptak

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?

Vel du helse- og oppvekstfag må du bry deg om andre. Du bør vere flink til å kommunisere og samarbeide slik at du kan arbeide med menneske i ulike aldre og livssituasjonar.

Dette er eit yrkesførebuande utdanningsprogram, der ingen arbeidsdagar er like. På Vilbli.no kan du lese om kva for yrke du kan ha dersom du vel helse- og oppvekstfag.

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal vg1 Timetal vg2
Sum timetall per uke 35 35
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 1YP 3 0
Naturfag 0 0
Samfunnsfag 2 3
Kroppsøving 2 2
Felles programfag 17 17
Prosjekt til fordjuping 6 9

Første året

_MWF2414.jpg

Vg1 Helse- og oppvekstfag 

I tillegg til fellesfaga norsk, engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving, tilbyr Vg1 Helse- og oppvekstfag  desse programfaga:

  • Helsefremjande arbeid
  • Kommunikasjon og samhandling
  • Yrkesutøving
  • Prosjekt til fordjuping

Her får du den grunnleggjande kunnskapen du må ha for vidare opplæring på Vg2.

Helse- og oppvekstfag er eit utdanningsprogram som fører fram til yrke som til dømes helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, hudpleiar, ambulansearbeidar, farmasiteknikar og fotterapeut. I faget prosjekt til fordjuping er elevane utplasserte ein dag i veka stort sett heile skuleåret.

Dette programmet passar for deg som likar å arbeida med menneske, har evne og vilje til å samarbeida, samtidig som du kan ta avgjerder på eiga hand. 

I faget prosjekt til fordjuping har elevane utplassering ein dag kvar veke store deler av året. Vi prøver så langt det let seg gjere å skaffe kvar elev den n type praksisplass han/ho ønskjer.

Læreplan

Andre året

_MWF2235.jpg

Vg2 Helsearbeidarfag

I tillegg til fellesfaga norsk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving, tilbyr Vg 2  desse programfaga:

  • Helsefremjande arbeid
  • Kommunikasjon og samhandling
  • Yrkesutøving
  • Prosjekt  til fordjuping

På helsearbeidarfaget  får du praktisk og teoretisk opplæring. Her vil du lære mykje om grunnleggjande sjukepleie, sjukdomslære og kommunikasjon.  Du vil få eit godt innblikk i kva som blir venta av deg som profesjonell helsefagarbeidar.

Praksis utgjer ein stor del av faget Prosjekt til fordjupning, Du kan vere i praksis på sjukeheim, open omsorg, sjukehus eller bufellesskap. Kvart år blir det utdelt stipend frå Erasmus+ og dei heldige får fire veker i praksis i utlandet. Dei siste åra har våre elevar reist til Danmark. 

Læreplan

 

_MWF2283.jpg

Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag

I tillegg til fellesfaga norsk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving, tilbyr Vg2  desse programfaga:

  • Helsefremjande arbeid
  • Kommunikasjon og samhandling
  • Yrkesutøving
  • Prosjekt til fordjuping

På Barne- og ungdomsarbeiderfaget får du lære korleis du kan bli ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar. Du vil lære om kva som skal til for å stimulere barn og gje dei den tryggleik dei treng. Undervisninga er både praktisk og teoretisk.

Praksis utgjer ein stor del av faget Prosjekt til fordjupning, Du kan vere i praksis i barnehagar, skuler og skulefritidsordning.  

Kvart år blir det utdelt stipend frå Erasmus+ og dei heldige får fire veker i praksis i utlandet. Det siste året har våre elevar reist til Danmark. 

Vegen vidare

Etter to år på skulen kan du velje mellom å bli lærling eller du kan ta Vg3 påbygg og få studiekompetanse.

Bli lærling

Kontakt oss

Avdelingsleiar Profilbilde av Marianne Sværen

Marianne Sværen

Send e-post
Rådgjevar Profilbilde av Terje Røssland

Terje Røssland

Send e-post