Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse og miljø

På Voss gymnas er me opptekne av å skape eit godt skulemiljø, og leggja til rette for at elevane skal ha maksimalt utbyte av opplæringa.

Helsetilbod

Helsesyster

Britt Elin Clarke er helsesyster på Voss gymnas. Kontoret hennar finn du i fyrste etasje i nyebygget.

Kontaktinformasjon

Britt Elin Clarke

Tlf: 56533040

Mobil: 97997096

Epost: Britt.E.Clarke@voss.kommune.no

Trefftid:

  • Måndagar, kl. 10:30-14:30
  • Onsdagar, kl. 09:00-14:30 (partalsveker)
  • Onsdagar, kl. 09:00-12:00 (oddetalsveker)

Helsesyster har teieplikt og kan hjelpe vidare til fastlege eller annan instans når eleven er einig og etter behov. Helsesyster samarbeider med skulen i ressursteammøte, med kontaktlærarar, elevinspektør og rådgjevarar. Helsesyster kan gje råd og vere pådriver i saker som påverkar elevane si helse og trivnad på skulen.

Tid hjå helsesyster reknast ikkje som fråvær når det er dokumentert.

Dømer på kva det kan vere aktuelt å snakke om:

  • Livsstil: søvn, fysisk aktivitet, kosthald, tobakk og rusmidlar
  • Kroppslige plager
  • Psykiske vanskar, som depresjon, angst eller sinne
  • Konsentrasjonsvanskar, lærevanskar eller spørsmål om seksualitet
  • Prevensjonsrettleiing og resept på "p-piller"
  • Vektvanskar, vanskelig forhold til mat og inntak av næring
  • Vanskelige heimeforhold, eller utfordringar med nokon i familien. Rusmiddelbruk hjå deg sjølv eller nokon du kjenner
  • Bruk av "anabole steroider"
  • Utsatt for (eller vitne til) vald eller overgrep
  • Vanskar med å bu i Noreg

Psykolog

Stian Jordan er psykolog ved Voss gymnas. Han har kontor i fyrste etasje i nyebygget.

Kontaktinformasjon:

Stian Jordan

Telefon: 40806296

Epost: Stian.Jordan@hfk.no

Trefftid:

Måndagar kl. 08:00-15:45

Tysdagar kl. 08:00-15:45

Jordan har teieplikt og kan tilvisa til BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) eller andre instanser om eleven seier seg enig og ved behov. Psykologen samarbeider med alle tilsette som jobber med elever (inkl. elevinspektør, helsesyster, kontaktlærar osb.). Han jobber for betring av det psykososiale miljøet samt førebygging av psykiske plager. Han tek seg av saker som påverkar trivsel, helse, læring og motivasjon på både individ- og gruppenivå. Samtaletid med psykolog vert ikkje rekna som fråvær når samtalen er dokumentert.

Dømer på kva ein psykologen kan hjelpe med:

For eleven

  • Stressmestring. Kva skjer i kroppen, korleis vert konsentrasjonen og motivasjonen påverka og korleis kan du få meir kontroll over kroppen når du vert stressa.
  • Søvn. Søvnen sin innverknad på konsentrasjon, innlæring og minne. Søvnhygiene og generelle søvnråd.
  • Psykiske vansker. Generelt og spesifikt om psykisk helse. Korleis tek ein vare på si eige psykiske helse. Kvar går grensa mellom normalt og sjukt. Informasjon om dei vanlegaste psykiske plagene blant ungdom, med fokus på meistring.
  • Ta-ordet. Eit gruppetilbod for elevar som tykkjer det er vanskeleg å ta ordet eller presentere i klassen.

For tilsette

  • Traume. Kurs om traume, praktiske råd og tips. Psykologiske reaksjonar, tankar og kjensler hjå elever med traumatiske opplevingar.
  • Relasjonskompetanse. Forsking syner at relasjonen mellom lærer og elev kan ha stor verknad for eleven sitt læringsutbytte.
  • Psykisk helse. Fokus på dei vanlegaste plagene og lidingane blant ungdom. Det er fokus på korleis ein møter elevar med psykiske vanskar og korleis ivareta dei på best mogleg måte i skulekvardagen.

Ved behov kan òg andre tema bli teke opp for elevar og tilsette.

Miljøhandlingsplan

Voss gymnas er sertifisert som Grønt Flagg-skule. Det betyr at skulen har eit medvite fokus på miljøarbeid i drifta av skulen. I Miljøhandlingsplanen kan du lese om korleis Voss gymnas jobbar for å skape ein meir miljøvenleg skulekvardag.

Mobbeombod

Hordaland Fylkeskommune har oppretta eit mobbeombod. Mobbeombodet skal sikre at elevar og lærlingar får ivaretatt sine rettar og skal vere eit tilbod når skulen sine tiltak mot mobbing ikkje er tilstrekkelege. Du kan lese meir om mobbeombodet her  og vitje facebooksida her.

nullmobbing.no

Helsestasjon- og skulehelsetenesta

Helsestasjon- og skulehelsetenesta er ein del av kommunehelsetenesta som utfører planmessig helsefremjande og førebyggande helsearbeid for born 0-6 år, skuleborn 6-16 år, og for ungdom mellom 16-20 år som bur eller oppheld seg i kommunen. Jordmortenesta er ein del av helsestasjonstilbodet.

Tenesta skal betre føresetnaden for god psykisk og fysisk helse ved å fremje trivnad, velvære og meistring av dei utfordringane menneske møter i kvardagen, samt førebygge sjukdom og skade.

Helsestasjonen kan hjelpe med å formidle kontakt og samarbeid med andre tilsette innan helsetenesta, barnehage, PPT, psykolog, tannhelsetenesta, sosialtenesta, fysioterapitenesta og andre tenester i kommunen.

Kontaktinformasjon

Voss helsestasjon Uttrågata 15

Postboks 318 5702 Voss

Telefon: 56533040

Telefaks: 56519659

E-post: postmottak.helsestasjon@voss.kommune.no

Opningstider ved helsestasjonen

  • Helsestasjonen er tilgjengeleg alle kvardagar.
  • Onsdag kl 08:30-14:30: Spedbarnsundersøkingar ved helsesøster/lege.
  • Torsdag kl 08:30-14:30: Småbarnsundersøkingar og 1. klasse konsultasjonar ved helsesyster/lege.
  • Venterommet/stellerommet er ope på kvardagar i tida kl 09:00-15:00.

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjonen si heimeside

Skulelege

Elevar skal nytta eigen fastlege. Dei som ikkje har fastlege på Voss kan nytta skulelege Petter Røhmesmo eller turnuslege ved skadar eller akutte tilstandar.

Kontaktinformasjon:

Petter Røhmesmo

Telefon: 56 53 30 90

Epost: post@vossevangenlegesenter.nhn.no

Kontor: Sverresplassen 4

Arbeidstid: 

Turnuslegen er å treffa på Helseavdelinga, Uttrågt. 15. Telefon: 56533060/63. Ved akutte tilstandar: legevakt dag/natt/kveld: 116117 Ved akutt, alvorleg sjukdom/ulukker: 113

Fysioterapeut

Fysioterapeut i vidaregåande skule arbeider med tiltak som skal førebyggja helseplager hos dei unge ved vurderingar, rettleiing og tilrettelegging. Helsesyster eller skulen kan formidle kontakt med fysioterapeut.

Kontaktinformasjon:

Elise Boysen

Telefon: 56521505

Mobil: 91874203

Relatert info

Foreldreinfo