Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Foreldreinfo

Her finn du informasjon som du som er forelder/føresett kan ha nytte av.

Startsamtale

Voss gymnas skal halde kontakt med foreldra/føresette til elevar som ikkje er myndige gjennom heile opplæringsåret. Ved oppstart får alle elevar og foreldre/føresette tilbod om ein startsamtale med kontaktlærar.

Foreldremøte

Me har foreldremøte for Vg1 om hausten og i januar/februar. For Vg2 har me møte om hausten.

På desse møta vert der gjeve informasjon frå skulen si leiing og frå kontaktlærarane. I tillegg kan ein bestille konferansetid hjå kontaktlærar og faglærarar.

Me vil oppmode foreldre/føresette om å vere med på elevane sine startsamtalar i Vg1 og Vg2, og til å nytte dei foreldremøta skulen legg opp til for å få informasjon og vere i dialog om eleven si utvikling.

Karakterar

Alle elevar får karakterutskrift, både ved termin 1-oppgjeret i januar samt når standpunktkarakterane føreligg i juni. Elevar som er under 18 år skal framsyne dette dokumentet til sine foreldre/føresette og få signatur.

Foreldre/føresette kan òg få innsyn i skulearena (der prøvekarakterar og terminkarakterar til elevane vert ført). Ta kontakt med barnet ditt sin kontaktlærar om du ynskjer tilgang til skulearena.

Karakterar og vurdering

 

Fråvær

Fråværsgrensa gjeld for alle elevar i vidaregåande skule, men ikkje for lærlingar, lærekandidatar og vaksne. I korte trekk gjeld fylgjande:

  • Elevar i vidaregåande skule skal møte opp og delta aktivt i opplæringa.
  • Om ein elev har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, vil han eller ho som hovudregel ikkje ha rett til halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget, og læraren kan heller ikkje setje slike karakterar.
  • Eleven må leggja fram relevant dokumentasjon for å få fråvær unnateke frå fråværsgrensa.
  • Om eleven har mellom 10 og 15 prosent udokumentert fråvær og årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at eleven ikkje skal kunne få karakter, kan rektor avgjera at han eller ho likevel skal få karakter.
  • Fråværsgrensa gjeld timetal i enkeltfag, ikkje elevane sitt totale fråvær.
  • Eleven skal få eit varsel om at han eller ho står i fare for å ikkje få karakter på grunn av fråvær.
Meir om fråvær

Eksamen

Sentralt gjeve skriftleg eksamen er ein sluttvurdering, der kandidaten skal få høve til å syne sin kompetanse ved å løysa ei oppgåve og/eller ein kompleks utfordring. Det er læreplanen som er utgangspunkt for utarbeiding av eksamensoppgåvene. Kompetansemåla i læreplanen er grunnlaget for vurdering av kompetansen kandidaten syner i eksamenssvaret.

Eksamensperioden for sentralt gjevne skriftlege eksamenar for våren 2017 er: 19. mai til 02. juni.

Munnleg og munnleg-praktisk eksamen er ein lokalt gjeven eksamen. Det betyr at organisering, trekking av fag og elevar, datoar, sensorskulering, hjelpemiddel og eksamensoppgåver er eit lokalt ansvar.

Munnleg og munnleg-praktisk eksamen ved Voss gymnas vert i hovudsak gjennomført 16. juni, 20. juni og 22. juni.

Eksamen

 

Vitnemål

Vitnemål vert gjeve som dokumentasjon for bestått opplæringsløp og gjev studiekompetanse. For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet, i samsvar med læreplanverket, vera bestått. Fyrstegongsvitnemål vert gjeve til den som ved utløpet av normal tid har bestått vidaregåande opplæring som gjev generell studiekompetanse.

Kompetansebevis

Kompetansebevis vert skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte. Kompetansebeviset skal syne kva standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådd på dåverande tidspunkt og kan skrivast ut etter Vg1, Vg2 eller Vg3.