Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Datahjelp

Søker du hjelp med data kan du melde i frå til IKT-kontoret i andre etasje i hovudbygninga eller nytta deg av våre nettsider til å finne løysing på problemet.

IKT-kontoret

IKT-konsulent Profilbilde av John-Heikki Nyyssönen Olsen

John-Heikki Nyyssönen Olsen

Send e-post 57307721

 Kva kan eg hjelpa deg med?

  • Brukarstøtte til PC
  • Tilsyn av teknisk utstyr på skulen
  • Utlån av teknisk utstyr
  • Kursing/veiledning
  • Administrering av brukarar
  • Tildeling av gjestekontoar
  • Info til infoskjermane
  • Skulen sin nettside
  • Generelle førespurnader
IKT-konsulent Profilbilde av Atle Andreas Kleppe

Atle Andreas Kleppe

Send e-post 56532371

Kva kan eg hjelpa deg med?

  • Brukarstøtte til PC
  • Tilsyn av teknisk utstyr på skulen
  • Utlån av teknisk utstyr
  • Administrering av brukarar
  • Tildeling av gjestekontoar
  • Utestenging av internett-tilgang
  • Bestilling av varer
  • Info til infoskjermane
  • Skulen sin nettside
  • Generelle førespurnader

Ofte stilte spørsmål

"Har eg rett til å kjøpa elev-PC gjennom fylket?"

Det er berre Vg1-elevar i den offentlege vidaregåande skulen som kan nytte tilbodet om kjøp av ei subsidiert maskin. Tilbodet kan berre nyttast ein gong. Dersom du begynner på privat vidaregåande skule og kjøper maskin gjennom denne ordninga, vil du bli fakturert for subsidiebeløpet og uteståande avdrag, det vil sei for heile maskinkostnaden. Meir info om elev-PC finn du på lenka 

http://www.hordaland.no/nn-NO/utdanning/vgs/elev-pc/.

"Har eg rett til å få utdelt skulesekk av skulen?"

Alle Vg1-elevar har rett til å få utdelt skulesekk av skulen.

"Korleis kjem eg meg på skulenettet?"

Elevar kjem seg på skulenettet ved å logge seg inn på HFK-Skole med tildelt brukernavn og passord. Under pålogging må dei godkjenne eit nettverkssertifikat for å bli autentisert. Om det oppstår problem undervegs kan dei ta kontakt med IKT-kontoret.

"Kva gjer eg viss eg gløymer passordet mitt?"

Elevar og tilsette kan registrera seg eit nytt passord på lenka 

https://passord.hfk.no/.

"Kor kan eg laste ned skuleprogram til maskina mi?"

Elevar kan laste ned nyaste versjon av Office på lenka

https://login.microsoftonline.com/.

Her må dei logge seg inn med tildelt brukarnamn@iskole.no og passord.

Elevar kan også laste ned andre program som blir brukt på skulen, på lenka

http://www.hordaland.no/nb-NO/skole/skoleportalen/programvare/programvare/.

Her må dei logge seg inn med tildelt brukarnamn og passord.

"Korleis send eg utskrift frå maskina mi til printer?"

Elevar og ansatte kan senda utskrift frå maskina deira til printer gjennom lenka

utskrift.hfk.no

Lenkja fungerer kun på HFK-Skole nettet. Her må dei logga inn med tildelt brukarnamn og passord.